2007-03-08

Nye triks

Det skjer ikkje så mykje av ålmen interesse på Pratmakeriet for tida, og praten går eigentleg føre seg på primærnivået:
Agyy, agyy - Ja, kva seier du? - Agyy, glubb - Dagny? - Agyyy GLIS
Det er spanande. Elles syner hovudpersonen ein imponerande treningsvilje. Ofte er det slik at ho ikkje vil ha mat, kos, vask eller søvn - ho vil liggja på magen og trena. Kunstane er ikkje heilt perfeksjonerte enno, men ho likar å lyfta opp hovudet og sjå seg rundt. Dessutan har ho krabba førti centimeter. Då kunne me ikkje styra oss, og gav masse ros (sjølv om Jesper Juul seier at det skal ein ikkje gjera).

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ros, nei, men det er lov å visa kjensler. Det er den manipulatoriske rosen ("ja, no tykkjer pappa du var flink") og den tilhøyrande autopilotrosen ("å så flink du er") som er problemet. Å "gje ros" er noko ein gjer med overlegg (eller av gammal vane) for å oppnå eit resultat. Det er derimot ingen grunn til å undertrykkja spontane uttrykk for byrgskap og glede ("Ungen min, du er eit geni!"). Det kallar ein ikkje ros. Meiner no eg, og slik har eg forstått Jesper Juul òg.

Ragnhild sa...

Å, så søt ho er! Imponerande med alle desse triksa så tidleg i livet. Kan ho snakka òg? Vi må reisa til Pannekakehuset ved høve - det ser ut til at det ikkje kan bli før etter påske:-(

Anonym sa...

Marit vert veldig imponert av alle desse triksa... og ho har jo mykje røynsle. Og dessutan er ho Dagny svært søt! Og Steinar liknar på ho - so veit de det.