2007-07-17

Design

Ikkje kan ho krypa [noko særleg] og ikkje kan ho gå, men å sitja på rompa er tydelegvis stor stas (ho har vel nokon å slekta på der). Då ho brått nekta å ein gong leggja seg ned i vogna når det var tid for ein tur, tenkte me det var på tide å introdusera det andre barnemøbelet (etter grindsenga): Tripp-trappstolen.



Stolen vart visst introdusert i 1972, og er, som de kan sjå, eit kunstverk. Avstanden mellom sitjeplata og fotstøtta kan justerast, og fotstøtta kan til og med brukast som sitjeplate når ungane vert store nok. Fleire i foreldregenerasjonen kan fortelja at dei brukte stolen sin heilt til dei flytte heimanfrå.

Utgåva me fekk tak i, mangla diverre ein viktig komponent: bøylen som sikrar at ungen ikkje ramlar av stolen (for det er langt ned). Og, her kjem poenget i denne historia: Det gjekk faktisk heilt fint å kjøpa ny bøyle! Det er det beste provet på at stolen ikkje berre var eit blaff, men ein institusjon.

Kor som er, Dagny tykkjer iallfall det er stor stas å sitja ved bordet saman med oss. Tutekoppen har ho ikkje heilt fått teken på enno.