2007-01-31

Den nye medarbeidaren

Det har vore veldig stille frå oss på pratmakeriet i det siste; særleg med tanke på at me har utvida staben. Det kjem seg av at den nye medarbeidaren, Dagny Juuhl, framleis er under opplæring



Her hoppar me i pastasalaten med tanke på personvern og slikt, men her er to bilete av henne:










Førebels pratar ho ikkje så mykje, men ho seier "Neeei", "Jaaa", "Aj-aj-aj" og "Veel" (det siste tyder "pupp". Dessutan kan ho lyfta hovudet i fleire sekund og vifta med armar og bein. Men ho er veldig søt, og det er ein viktig eigenskap.

4 kommentarer:

Ragnhild sa...

Eg vonar at EG ikkje har trakka i pastasalaten no då...eg har nemleg lagt ut nokre foto av Dagny på flickr-kontoen min:

http://www.flickr.com/photos/ragnhild

De får ta det opp i familieråd. Ho er nok ein utruleg god medarbeidar
:-)

Ragnhild sa...

Orsak! Feil flickr-adresse i førre posting. DETTE er meg:
http://www.flickr.com/photos/ragnhildaas

Anonym sa...

Kjempefin jente!

Anonym sa...

Ja, de har fått ei fantastisk flott dotter!