2007-04-13

Song og glede

På morgonkvisten i dag, medan eg låg og tenkte på å vakna slik at eg kunne setja fleire innsikter om den norske solidaritetsrørsla for Palestina ned på papiret, låg Dagny ved sidan av meg og song.

Ho er alltid strålande blid om morgonen, men dette var noko nytt. Det var definitivt ikkje grining, for ho smila og lo. Elles er ho litt pjusk etter å ha fått vaksine («vaksine må me ha, da' e'kje snakk om da, da e'kje rett me helso i frå andre ta»), men frå sju til åtte i dag var det altså pur glede over å kunne laga samanhengande lydar.

Det er nesten slik at eg skulle hatt opptaksutstyr.

4 kommentarer:

Ragnhild sa...

Å ja, du må ta det opp! Har du ikkje litt lydopptak/video på mobilen eller kameraet? Elles: lukke til med innspurten!!!

Anonym sa...

så flott! eg fortalde mor mi om Dagny sitt førre triks med å krabbe 40 cm framover, eller var det bakover. Ho sa at det var nesten so ho ikkje trudde på det. Så veit de det!

Anonym sa...

Me og vart utruleg imponerte. Men ho greidde det berre den eine gongen, so me trur at det kanskje berre var ein slags feil i kronologien. Men no i det siste har ho byrja prøva å krabba att, og kjem seg av og til nokre centimeter framover. synd at de ikkje kjem på landsmøtet. Kjem de til Oslo i næraste framtid, so me får helsa på Steinaren?

Anonym sa...

Kjem Dagny på landsmøtet? Eg kjem :D Og Arild skal vere der for Nynorsksenteret.