2009-06-04

Norske verdiar

Noko av det fyrste eg fekk høyra frå ein av dei andre foreldra i barnehagen her på Veitvet då Dagny byrja for litt over eit år sidan, var at det var eit problem med innvandrarane (eller, ho sa berre "dei" medan ho heva augnebryna), at "dei" gjekk jo ikkje ut når det regna, slik at ungane i barnehagen fekk berre vera ute når det var sol, og sidan ungane "deira" ikkje hadde ordentlege regnklede, fekk skuleklassen til sonen hennar aldri vera ute når det regna. Eg hadde ikkje så mykje å seia til desse tinga, ho hadde jo trass alt meir røynsler frå både skule og barnehage på staden enn meg.

Men i dag kom mora og eldstedottera frå dei utruleg trivelege sikh-naboane våre bort og spurde om me hadde eit par støvlar mora kunne låna, for klassen til dottera skulle sova ute i skogen, og då skulle nokre foreldre vera med. Og eg (lettrørt høggravid) vart utruleg glad!

Og kva kan me læra av dette? Til dømes:
1. at eg ureflektert og intuitivt er tilslutta den norske verdien at det er moralsk høgverdig å vera ute når det regnar
2. at eg dessutan er tilslutta den norske verdien at det er bra å kjenna naboane sine (den er kanskje ikkje spesielt norsk)
3. at naboane mine verkeleg gjer ein innsats for å delta i dei norske verdiane. Diverre skal dei flytta snart -- eit anna teikn på internalisering av dei norske verdiane her på staden er at ein drøymer om å flytta i større hus utanfor bygrensa

(dessutan, berre så det er sagt: Etter kvart fann eg ut at dei er ute i barnehagen også når det regnar)