2008-06-17

Pip-pip?

Det var vel ikkje til å unngå, men det må har vore i barnehagen ho lærte det: No spring iallfall Dagny etter alle småfuglar og ropar "pipp-pipp" (eg minnest enno veslebror min, som erklærte at "det heiter ikkje vov-vov, det heiter hund" då nokon prøvde seg på slikt tull til han).

Uansett, på fjernsynet dukka det brått opp ei ørn, og barnet ropar ut: "Pip-pip!"

Kva anna kan me gjera enn å seia "Ja, det er ein fugl"?

(litt etterpå dukka det opp ein bøffel, og ho ropa "(h)est!", men det var jo ikkje like pussig, for me vart ikkje heilt samde med oss sjølve om bøffel er hest, kyr eller sau. Det er vel ei kyr, men sidan moskus er sau, er det ikkje så lett. Alt stort med fire bein som ikkje er "(h)und" er visst (h)est for tida).

På trynet

Utan samanheng med På trehjul, altså. Men slik er det altså å gå skikkeleg på trynet for fyrste gongen. Kul i panna, på kinnet og hoven overleppe.

2008-06-04

Forskingsspørsmål

Me fann ein nytt forskingsspørsmål her om dagen: Kan det vera slik at me (eller, born, då) har lettare for å læra oss nye ord dersom dei lydleg liknar på ord me kjenner frå før? Motivasjon: Takk vere dette bokmålske språkbadet som barnehagen er, går forsøksobjektet rundt og seier bo'tte [borte] når det noko som ikkje er der ho trur det skal vera. Så, her ein dag, dukka bo'ksh [bukse] opp.

Me tykte det var litt pussig, for andre ord burde definitivt koma før.

På trehjul



Juuhl på tre hjul. Det er litt vanskeleg når beina er for korte til å nå pedalane, men det er veldig interessant å køyra sykkel. Nesten like kjekt som leikeplassen.