4. juni 2009

Norske verdiar

Noko av det fyrste eg fekk høyra frå ein av dei andre foreldra i barnehagen her på Veitvet då Dagny byrja for litt over eit år sidan, var at det var eit problem med innvandrarane (eller, ho sa berre "dei" medan ho heva augnebryna), at "dei" gjekk jo ikkje ut når det regna, slik at ungane i barnehagen fekk berre vera ute når det var sol, og sidan ungane "deira" ikkje hadde ordentlege regnklede, fekk skuleklassen til sonen hennar aldri vera ute når det regna. Eg hadde ikkje så mykje å seia til desse tinga, ho hadde jo trass alt meir røynsler frå både skule og barnehage på staden enn meg.

Men i dag kom mora og eldstedottera frå dei utruleg trivelege sikh-naboane våre bort og spurde om me hadde eit par støvlar mora kunne låna, for klassen til dottera skulle sova ute i skogen, og då skulle nokre foreldre vera med. Og eg (lettrørt høggravid) vart utruleg glad!

Og kva kan me læra av dette? Til dømes:
1. at eg ureflektert og intuitivt er tilslutta den norske verdien at det er moralsk høgverdig å vera ute når det regnar
2. at eg dessutan er tilslutta den norske verdien at det er bra å kjenna naboane sine (den er kanskje ikkje spesielt norsk)
3. at naboane mine verkeleg gjer ein innsats for å delta i dei norske verdiane. Diverre skal dei flytta snart -- eit anna teikn på internalisering av dei norske verdiane her på staden er at ein drøymer om å flytta i større hus utanfor bygrensa

(dessutan, berre så det er sagt: Etter kvart fann eg ut at dei er ute i barnehagen også når det regnar)

4. mai 2009

1. mai

Kvart år, i slutten av april, tenkjer eg at eg skal laga handplakatar med "Eg vil høyra meir nynorsk på barnefjernsyn". Så gløymer eg det, og då står demonstrantane att med slikt som dette.

Ekspedisjon

I fall nokon skulle tru så vondt om oss at dei mistenkjer oss for å ha juksa med klyppekorta: Her er provet på at vi fann post 13 på Mini-o-dilten 2009. Det er lettvarianten av den kjende Lillodilten, med postar på nær sagt kvart eit hushjørne.



Dagny var mest interessert i å sjå på maur, men ho kravde likevel å få bera kartet. "Kan eg få sjå litt på kartet?" - "Nei!" - "Men me må jo vita kvar me skal gå!" - "Vi kan gå litt hel, litt hel og litt hel", peikte ho, men ei alvorleg mine som ikkje lot seg affisera av at det var halvannan kilometer mellom kvart av punkta ho peikte ut.

Me skal nok greia å bruka heile sumaren på dei tretti postane.

2. mai 2009

Namnetevlinga 2009

Pratmakeriet går mot straumen, og satsar som kjent på å utvida staben i desse krisetidene. 5. juni skjer det, men før dess må me avklara minst eitt viktig spørsmål: namn.

Vert det ein gut, må han heita Omar. Det seier seg vel sjølv: eit namn som sameinar det beste frå aust og vest (nærare bestemt Midtausten, Indre Sogn og Baltimore).

Vert det ei jente, er me faktisk opprådde. Sidan Dagny fekk namnet sitt etter ei svært vellukka namnetevling der Lars Asgeir Rottem Krangnes gjekk av med sigeren, prøver me det same som sist. Kva skal barnet heita? Har du eit framlegg?

Me er svært takksame for namn, og det kjem nok barnet til å vera etter kvart òg (grådig flaut å byrja på skulen utan namn).

Førebels ser lista vår slik ut:
Marta
Matja (Gudrun seier nei)
Maika (jenta frå verdsromet)
Aslaug (nei; det er eit innlandsnamn)
Signe
Inga
Astrid, Ragnhild osb er fine namn, men dei kjennest litt opptekne ut
Yolanda
Tamara
Dyveke
Torborg

Me vert glade om du har noko betre å koma med!

17. april 2009

Komplimang

I dag tidleg sa altso barnet mitt til meg, då eg tok på den tynne, blå kåpa i staden for verdas største vinterjakke: "Har du på den jakken, mamma? Da blir det vår!"

Super-Dagny!

(Eg trur at det er heilt egoistiske grunnar til at ein lagar ungar: for å få mengder av ukritisk kjærleik, beundring og komplimangar)

10. februar 2009

Om hijab i politiet

Me har no sett halve Viggo Johansen-programmet om hijab, og gjer leksa vår og skriv seks me veit at-setningar:

  • Me veit at Knut Storberget ikkje er mot debatt.
  • Me veit at Arne Johannessen stilte utan bart, men med skjegg. Me tykkjer at dei kunne valt å standardisera på bart for alle polititenestefolk (damer òg).
  • Me veit at det ikkje er nokon menneskerett å verta politi, korkje for kriminelle eller muslimske damer.
  • Me veit at den norske statsmakta per definisjon er nøytral.
  • Me veit at hijab-en neppe kjem til syne når politifolka tek på seg full anti-demonstrantrustning (men det visste me jo frå før).
  • Me veit at Arne Johannesen også er fagforeiningsleiar.


Kva skal me gjera? Kva skal me seia? Uttrykkja oss klårare, seier læraren: I morgon vert det gruppearbeid om lesarbrev til Klasseavisa.

20. januar 2009

Action!

Rapport frå akademia:

Kva i alle dagar er det eg vil, tenkte eg ein stad i teorikapitlet i Den store Avhandlinga som eg held på å skriva, slik som ein ofte tenkjer når ein skriv lange tekstar. Men so kom det ein strofe flygande: "action action, eg ser etter action"

og eg kom på at det er jo det eg held på med når eg freistar å forstå desse tekstane som desse ungdomsskuleelevane har skrive på internettet: eg ser etter action, og det er det som styrer teorien eg leitar etter og lagar.

action forstått 1. som handling (altså direkte omsett og ganske udramatisk), og det inneber heile den breie pragmatiske språkvitskaplege traidsjonen: pragmatikk, retorikk, språkhandlingsteoriar, funksjonell lingvistikk osb.

men 2. forstått som, nettopp action: Kva er det som står på spel? Kvar ligg konflikten? Kvar er det det skjer? (osb) (og sjølvsagt: kva er vilkåra for det som skjer?)

Oppsummert: Dette fører jo til ei monaleg innsnevring og fokusering av den breie pragmatiske tradisjonen, samstundes som det gjev meg eit strukturerande prinsipp for teorikapitlet.

Konklusjon: Jokke har redda teorikapitlet mitt, og er dessutan best. Og Action er ein av dei beste songane.

7. desember 2008

Adventsljos

Jostedalsrypa skriv om adventsstake. Merkeleg nok hadde me alltid det i den ukristelege heimen min, sjølv om me ikkje nett song nokon songar.

På Pratmakeriet har me utvikla eit slags kompromiss mellom gudløyse og tradisjonar. Me har lilla ljos og tenner dei på sundagane, men me har berre tre og dei står ikkje i ein adventsstake, men i tre små glasstakar. Årsaka til det siste er estetisk. Årsaka til det fyrste er vel at me berre fann tre slike glasstakar og tre ljos. Sidan me reiser vestover siste sundagen i advent, er det heller ikkje noko problem.

Tenn lys vert heller ikkje veldig gudeleg før i siste verset, så ein hendig biverknad er at me ikkje treng å ta stilling til korleis me skulle sensurert eller sekularisert siste verset.
Posted by Picasa