2009-05-04

1. mai

Kvart år, i slutten av april, tenkjer eg at eg skal laga handplakatar med "Eg vil høyra meir nynorsk på barnefjernsyn". Så gløymer eg det, og då står demonstrantane att med slikt som dette.

Ekspedisjon

I fall nokon skulle tru så vondt om oss at dei mistenkjer oss for å ha juksa med klyppekorta: Her er provet på at vi fann post 13 på Mini-o-dilten 2009. Det er lettvarianten av den kjende Lillodilten, med postar på nær sagt kvart eit hushjørne.



Dagny var mest interessert i å sjå på maur, men ho kravde likevel å få bera kartet. "Kan eg få sjå litt på kartet?" - "Nei!" - "Men me må jo vita kvar me skal gå!" - "Vi kan gå litt hel, litt hel og litt hel", peikte ho, men ei alvorleg mine som ikkje lot seg affisera av at det var halvannan kilometer mellom kvart av punkta ho peikte ut.

Me skal nok greia å bruka heile sumaren på dei tretti postane.

2009-05-02

Namnetevlinga 2009

Pratmakeriet går mot straumen, og satsar som kjent på å utvida staben i desse krisetidene. 5. juni skjer det, men før dess må me avklara minst eitt viktig spørsmål: namn.

Vert det ein gut, må han heita Omar. Det seier seg vel sjølv: eit namn som sameinar det beste frå aust og vest (nærare bestemt Midtausten, Indre Sogn og Baltimore).

Vert det ei jente, er me faktisk opprådde. Sidan Dagny fekk namnet sitt etter ei svært vellukka namnetevling der Lars Asgeir Rottem Krangnes gjekk av med sigeren, prøver me det same som sist. Kva skal barnet heita? Har du eit framlegg?

Me er svært takksame for namn, og det kjem nok barnet til å vera etter kvart òg (grådig flaut å byrja på skulen utan namn).

Førebels ser lista vår slik ut:
Marta
Matja (Gudrun seier nei)
Maika (jenta frå verdsromet)
Aslaug (nei; det er eit innlandsnamn)
Signe
Inga
Astrid, Ragnhild osb er fine namn, men dei kjennest litt opptekne ut
Yolanda
Tamara
Dyveke
Torborg

Me vert glade om du har noko betre å koma med!