2006-10-31

Funky mama

Det har drøydd ei stund, men her kjem bilete av magen hennar Gudrun. Tusen takk til Ragnhild for fint foto. Om ei vekes tid kjem sikkert det vakre profil-biletet frå Rælingen òg.

2006-10-25

Pratmakeriet flytter

Til dei som ikkje har høyrt det enno: Me flytter snart ut frå Skrivarloftet. 8. november, altså om to veker, får me ny adresse på Sogn (studentby, me er ikkje sikre på om me er trivelege nok for trivselsfylket). Det er mykje ein kan tenkja om slikt.

Det er alltid spanande å flytta på seg og læra seg at noko nytt er «heime». Me flytte inn her våren 2003, ut i august 2005 og inn att i januar 2006. Til saman vert det over tre år her på loftet mellom Grønland og Gamlebyen, så det er den staden i Oslo me har budd lengst. Det er nok den einaste bydelen i Oslo eg verkeleg er glad i. Samtidig føler me at det er eit rasjonelt val: På Sogn er det betre luft, meir grønt, nærare Marka og mindre trafikk- og byggjestøy (dei har drive og bygt i området her nesten heilt sidan me flytte inn).

Ei anna artig sak (som mor mi kommenterte) er at til trass for at me snart er 30 og kjernefamilie, eig me stort sett bøker og klede. Så me må altså kjøpa sofa, komfyr og kjøleskåp ganske så snart. Spanande.

Biletet viser korleis det såg ut då me pakka oss ned i fjor sumar. Me skal skaffa eit bilete av den gravide magen til Gudrun så snart me får fatt i eit digitalkamera.