2006-10-31

Funky mama

Det har drøydd ei stund, men her kjem bilete av magen hennar Gudrun. Tusen takk til Ragnhild for fint foto. Om ei vekes tid kjem sikkert det vakre profil-biletet frå Rælingen òg.

8 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Tøft!
Eg tykkjer du ser flott ut!

austsida sa...

jøss, den var svær. Når er det ungen har tenkt seg ut?

Ragnhild sa...

Eg trur magen vart sjåande større ut enn han eigentleg er pga perspektivet eg tok fotoet frå:-) Evt var det ungen som prøvde å gjera seg fotogen.

Anonym sa...

Og so har eg ein mistanke om at Tarjei har valt det biletet der magen var størst av dei me fekk frå Ragnhild (du får heller dementera om dette var feil, Tarjei). 22. desember er termin.

Unknown sa...

Jupp. Eg valde det biletet der magen var størst, sjølvsagt. Det var litt "Hege Lothe"-perspektiv på bileta Ragnhild tok, ja.

Anonym sa...

Kva i alle dagar tyder "Hege Lothe"-perspektiv på eit bilete?!

Jens Kihl sa...

Dette må du då vita, Hege. Om ikkje; tenk på ein skeiv frosk.

Unknown sa...

Hege, inkje vondt meint. Berre at du tek bilete frå ein slik funky vinkel, litt nedanfrå, litt på skeive. Tenk på det som eit varemerke!