2006-10-25

Pratmakeriet flytter

Til dei som ikkje har høyrt det enno: Me flytter snart ut frå Skrivarloftet. 8. november, altså om to veker, får me ny adresse på Sogn (studentby, me er ikkje sikre på om me er trivelege nok for trivselsfylket). Det er mykje ein kan tenkja om slikt.

Det er alltid spanande å flytta på seg og læra seg at noko nytt er «heime». Me flytte inn her våren 2003, ut i august 2005 og inn att i januar 2006. Til saman vert det over tre år her på loftet mellom Grønland og Gamlebyen, så det er den staden i Oslo me har budd lengst. Det er nok den einaste bydelen i Oslo eg verkeleg er glad i. Samtidig føler me at det er eit rasjonelt val: På Sogn er det betre luft, meir grønt, nærare Marka og mindre trafikk- og byggjestøy (dei har drive og bygt i området her nesten heilt sidan me flytte inn).

Ei anna artig sak (som mor mi kommenterte) er at til trass for at me snart er 30 og kjernefamilie, eig me stort sett bøker og klede. Så me må altså kjøpa sofa, komfyr og kjøleskåp ganske så snart. Spanande.

Biletet viser korleis det såg ut då me pakka oss ned i fjor sumar. Me skal skaffa eit bilete av den gravide magen til Gudrun så snart me får fatt i eit digitalkamera.

5 kommentarer:

Fjeldstad sa...

HUsk på å melde flytting til alle organisasjoner dere har vært i kontakt med. Jeg synes feil addresser ikke er noe morsomt.

Ragnhild sa...

I og med at de flyttar frå Skrivarloftet, vil bloggen endra namn då? - til Sogn Pratmakeri? Sogn studentby Pratmakari?...Dette må de tenkja over.

Eg kan jo ta bilete av magen til Gudrun på jobb:-) Når ungen kjem, må de skaffa dykk digitalt kamera. Babyar er alltid fotogene og stiller alltid opp når det skal fotograferast.

Anonym sa...

Hm, men de har vaskemaskin :)
Det har ikkje Arild og eg, sjølv om me har sofa, kjøleskåp og komfyr.

Unknown sa...

I dag har me teke bilete av magen til Gudrun på toppen av Ramstadslottet i Rælingen, men det kan ta litt tid før det kjem hit, så det er fint om Ragnhild kan ta bilete på jobb.

Men kva skjer med Skrivarloftet? Godt spørsmål. Me er jo eit pratmakeri, og vil nok halda fram med å vera det: Kanskje rett og slett "Pratmakeriet"?

Magnus sa...

Eg tykkjer det er altfor få oppdateringar på bloggen til å kvalifisera som eit pratmakeri ;-)