2006-11-22

Meir mage



Her er bilete av Gudrun-med-magen på toppen av Ramstadslottet, ei naturperle i vakre Rælingen. Magen er sjølvsagt større no, men det skjønar de vel.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Den så større ut på det andre bildet. Eller var det meningen jeg skulle forstå det?

Anonym sa...

Det var då ein liten og snedden mage. Eg trur forresten det er ein gut, og eg meiner de skal kalle han opp på førebokstav etter ein av mødrene eller fedrene dykkar. Eg er overtydd om at oppkallingstradisjonen er eit vern mot angloamerikanske dritnamn og teite oslo vest-oldemornamn.

Anonym sa...

det var 29. oktober, so han er ein månad større no. Kanskje det andre biletet er teke litt seinare, eg er ikkje heilt sikker.

Me var på i alle fall på sundagstur med Monika og Gunnar frå Austerrike (gunnar har teke biletet), og det var ein veldig fin tur, men eg trur det var då eg gjorde ei interessant oppdaging av turkulturskilnader.

Då me hadde gått i nokre timar i skogen og kome opp på denne toppen som eg står på, synte det seg at heile Rælingen turlag var på den same toppen, og dei helste og kom med kommentararar som "Ja, det var tidleg på Ramstadslottet" til meg. Eg tykte no det var stas, eg vert glad kvar gong eg møter folk i skogen. Austerrikarane våre tykte det var litt mange folk der.

Og då skjøna eg at for meg så er "tur i skogen" og særleg sundagstur ein måte å vera integrert i samfunnet på, og difor er det kjekt å møta andre som går på tur. Men for Monika og Gunnar trur eg at det å vera i skogen er det same som å koma bort frå samfunnet, til "urørt natur" og slikt, og då er det klart at det er litt irriterande med alle desse menneska som er der og helsar og pratar.

dette var kanskje ikkje serleg oppsiktsvekkjande, men eg tykte no det var litt artig.