2009-05-02

Namnetevlinga 2009

Pratmakeriet går mot straumen, og satsar som kjent på å utvida staben i desse krisetidene. 5. juni skjer det, men før dess må me avklara minst eitt viktig spørsmål: namn.

Vert det ein gut, må han heita Omar. Det seier seg vel sjølv: eit namn som sameinar det beste frå aust og vest (nærare bestemt Midtausten, Indre Sogn og Baltimore).

Vert det ei jente, er me faktisk opprådde. Sidan Dagny fekk namnet sitt etter ei svært vellukka namnetevling der Lars Asgeir Rottem Krangnes gjekk av med sigeren, prøver me det same som sist. Kva skal barnet heita? Har du eit framlegg?

Me er svært takksame for namn, og det kjem nok barnet til å vera etter kvart òg (grådig flaut å byrja på skulen utan namn).

Førebels ser lista vår slik ut:
Marta
Matja (Gudrun seier nei)
Maika (jenta frå verdsromet)
Aslaug (nei; det er eit innlandsnamn)
Signe
Inga
Astrid, Ragnhild osb er fine namn, men dei kjennest litt opptekne ut
Yolanda
Tamara
Dyveke
Torborg

Me vert glade om du har noko betre å koma med!

17 kommentarer:

rypa sa...

And here are the røysts from the Krundal juri:

Marta: JEPP. Oppkalling er bra, særleg når namnet er så bra.
Matja: Jordmora? Nei. Er imot litterære namn.
Maika: Tull.
Aslaug: Innlandsnamn? Mange i Sunnfjod som heiter det. JAkob Sande har eit fint dikt om ...Aslaug Maria/som berre er fire år/Du har slike vene auga/reine som sol og vår
Signe: For populært (mellom sånne som oss), som td Tora
Inga: For populært, som td Tora
Astrid, Ragnhild osb: Samd, samd
Yolanda: høhø
Tamara: høhø
Dyveke: dobbelthøhø
Torborg: Veldig bra, og ikkje på same pop-stigninga som Signe og Inga.

Oppsummert:
Ein: Marta
To: Torborg
Tre: Aslaug

synnøve sa...

(Kva har Omar med Baltimore å gjera? Det skjønar eg ikkje...)

Men i alle fall: Eg er samd med Rypa i at Aslaug slett ikkje er noko innlandsnamn; det er vanleg både i Sunnfjord og på strilelandet. Faktisk likar eg Aslaug so godt at eg held ein knapp på det over Torborg og Marta (som òg er fine). Derimot står namn som Tamara og Yolanda dårleg i stil med Dagny (men desse framlegga var kanskje mest meint å provosera oss trauste lesarar?).

Her er nokre andre framlegg som de kanskje eller kanskje ikkje likar: Helena, Lovisa, Anna, Tale, Sigrid, Rebekka, Liv, Eir, Jorunn, Ellisiv.

Ragnhild sa...

Må berre aller først snika inn ein kommentar om at det var eg som skreiv Dagny først: http://skrivarloftet.blogspot.com/2006/09/om-namn.html
(Men Lars var kanskje litt meir frampå, og han hadde i tillegg ei god grunngjeving for kvifor Dagny var bra, så eg skjønar at de oppfatta han som sigerherren.)

Eg tykkjer de bør styra unna namn frå verdsommret (Maika, Laika – hunden, osv.) Dei er finast i verdsrommet.

Det same meiner eg om namn som gjev Top Model (USA)-assosiasjonar (Tamara, Yolanda)

Dagny og Dyveke blir kræsj.

Elles er eg veldig for namn som ein slepp å stava kvar gong ein introduserer seg for nye folk. Gudrun kan jo høyra om mor hennar har hatt dette problemet? Eg tippar dei fleste ville ha skrive MartHa, altså med H, fordi det liknar på prinsesse Märtha og fordi folk generelt sett er jålete. Men det er jo ikkje sikkert dette er noko problem, eg tykkjer uansett at oppattkalling er veldig bra når namnet er bra og det er oppattkalla etter ei bra dame!

Eg støttar dykk i det med Astrid og Ragnhild! Men Ragna har eg sansen for! (Det heitte bestemor mi, og ho er eg opptattkalla etter) Det er ikkje på veg til å bli hipt (men det kan bli det).

Hege sa...

Ah, som vanleg er Jostesdalsjuryen kjapt ute og med gode merknader.

Framlegget frå Ragnhilda om Ragna kunne vore bra, hadde det ikkje vore for at Dagny og Ragna blir litt tungekrøllete å seia saman, det blir fort Dagny og Ragny, eller Dagna og Ragna.

Elles stør eg stønad og protestar som er kome fram frå dei tre hine kommentatorane (men Marta utan h, sjølvsagt!), og tommelen ned til Anna (for poppis), Rebekka (for bibelsk).

Lukke til med stabsauken!

Helsing frå Stord

Unknown sa...

Svara lot ikkje venta på seg, tusen takk så langt. Me har hatt eit førebels møte i nemnda. Desse namna står på lista no: Marta, Inga, Ragna og Torborg.

Ingen av dei har noka alarmerande stigning som SSB har registrert (rypa, her i garden er vi strengt 50-tals teknokratiske).

Vi er framleis svært takksame for andre gode framlegg.

Unknown sa...

Synnøve: Det var ein sånn populærkulturell referanse.

Marit sa...

Eg held og ein knapp på Marta. Med Ragna som ein god nummer to. Far min fortel med jamne mellomrom ei soge frå røynda om då den despotiske læraren med, ein alt anna enn gode hensikter, i fjerde klasse, under namneopprop, kunne avsløre at den beskjedne jenta som alle trudde heitte Elisabeth, faktisk heitte Ragna Elisabeth. Målet med denne historia er å syne kor grusom denne læraren var, som kunne vere så frykteleg å avsløre at jenta heitte Ragna. Men verda har heldigvis utvikla seg sidan 50-talet.

Ellers har eg eit svakt punkt for Jofrid og Joveig.

Damenamn som byrjar med gutenamn er på veg ut, så her har de ein viktig kulturhistorisk jobb å gjere. Oddveig, Kjellfrid osb.

Ragnhild sa...

Apropos maskuline damenamn: i slekta mi er det mange gode døme på det. Høyr berre her: Magnbjørg, Kårhild, Daghild, Kjellrun, Malmfrid og Eldrid.

Unknown sa...

Tidlegare lanserte eg Jarnfrid, men eg skjøna fort at det ikkje hadde nubbesjans til å nå opp. Ikkje at Jarn er eit mannsnamn etter det eg veit.

Gudrun sa...

Takk for gode namn! særleg Ragna siglar opp som ein utfordrar til lista vår.

Og kanskje Kjellfrid? Kjellfrid er namnet på ein veldig viktig person i slekta til Tarjei, som ofte vert referert til, men som eg ikkje er heilt sikker på posisjonen til. Men truleg mektig. Så me gjer nok ein viktig jobb både for kulturhistoria og slekta om me kallar ungen Kjellfrid. Nei til venleikstyranni på namn!

Unknown sa...

Ups, her går det fort i svingane, og eg vil be om eit møte i nemnda så snøgt som råd.

Eg er forresten ikkje i slekt med Kjellfrid.

rypa sa...

Hadde sonen vår vore jente skulle han heitt Ragna. Eline Lønnå si dotter heiter Ragna. Kan dette vere symptom på noko?

Gudrun sa...

rypa: Endå godt at ikkje Øyvind heiter Omar, då, sånn at me ikkje er heilt identiske inni hovudet. Elles har eg gløymt å gratulera han mannen din med levering og førtiårsdag for litt sidan(?). Du kan vel vidareformidla ei helsing

Klokka sa...

Klokka, som berre er innom og ikkje veit mykje om korkje det eine eller hitt, rår pratmakeriet til å undersøkje norderlendske fyrenamn av han eivind vågslid i slike saker. ssb har truleg ikkje vore innom han.

Gudrun sa...

Me les jamt og trutt i Norderlendske fyrenamn, men er litt misnøgde med at det ikkje står noko om (det tradisjonsrike indresognsnamnet, i alle fall finst det på fleire postkasser)Omar der.

Nei, kanskje løysinga vert å venta og sjå om Staten kjem opp med eit namn til oss

Unknown sa...

Dei spesielt interesserte kan jo fordjupa seg i Rundskriv G-20/2002 frå Justis- og politidepartementet, Om ny navnelov

Unknown sa...

Som sagt er me heilt overtydde om at statistikk og teknokrati er vegen å gå.

Ei gransking syner at namn som snøgt vert populære, òg snøgt vert upopulære. Via Freakonomics.