2009-04-17

Komplimang

I dag tidleg sa altso barnet mitt til meg, då eg tok på den tynne, blå kåpa i staden for verdas største vinterjakke: "Har du på den jakken, mamma? Da blir det vår!"

Super-Dagny!

(Eg trur at det er heilt egoistiske grunnar til at ein lagar ungar: for å få mengder av ukritisk kjærleik, beundring og komplimangar)

1 kommentar:

Ragnhild sa...

Dagny er verdas søtaste og smartaste! Utsegna viser sans for både klede og årstider. Berre vent, neste vår skriv ho nok eit gjesteblogginnlegg her inne om vårmoten 2010.