2008-02-29

Hei, Knut

Kunngjering: Skrivarloftet Pratmakeri vil uttrykkja takksemd og vørdnad for barnevakt Knut som i går klarte å blidgjera ein hylande unge som ikkje ville at mamma og pappa skulle gå på disputasmiddag. Knut - du har rutine!

(Me fann ikkje noko bilete av dagny og knut, men her mistenkjer me at han opptrer som fotograf. Og det er jo ein måte å vera til stades i biletet på, har me lært på litvit)

1 kommentar:

Ragnhild sa...

Hahaha! Det gjorde ikkje noko at de ikkje fann eit bilete av Knut - dette var jo eit strålande fint illustrasjonsfoto:-D Det viser særleg kor sterk blitsen var.

Knut helsar og takkar for takken. Han sit gjerne barnevakt igjen (saman med sin urutinerte halvdel), for Dagny er jo så søt og snill.