2008-01-22

Nytt frå forskingsfronten

"Grensene for mitt språk er de samme som grensene for min verden", heiter det so fint (og ofte sitert) hjå Wittgenstein. Men er det sant?

No er eg so heldig at eg har eit sprell levande forskingsobjekt heime, som av og til set i gang eksperiment på eige initiativ.

Altso, Dagny, eitt år, har ikkje noko særleg språk som me har merka noko til i alle fall. Men her ein dag , då me sat og åt og Dagny byrja keia seg, so la ho brødskalken inntil øyra og leikte at ho snakka i telefonen. (Sidan har ho halde fram med å snakka i telefonen med alt mogleg: dorull, klossar, fjernkontroll. Og med ei alvorleg mine og vekslande stadfestande og spørjande setningsmelodi gjennom samtalen)

Kva kan me læra av det? Mellom anna at sjølv om Dagny ikkje kan snakka noko særleg og ikkje skjønar so mange ord (trur eg), so kan ho tenkja metaforisk - ho kan tenkja no "er" brødskalken ein telefon. Ho kan tenkja i konsept og kategoriar: ho veit kva det å snakka i telefonen er, og ho veit kva det å leika at ho snakkar i telefonen er og at dei to tinga ikkje er dei same. Ho kan flytta brødskalken frå ramma/konseptet eting inn i ramma leikesnakka i telefonen.

Altso - det vesle barnet tenkjer på ein måte som me oppfattar som "språkleg" (nyttar metaforar, kategoriar, konsept) sjølv om ho har svært lite språk (ho kan seia hei og mamma og oi og på gode dagar nan når ho vil ha ein banan, og det verkar som ho forstår situasjonar meir enn ord).

No er ikkje dette nytt for folk som driv med barnespråkforsking, trur eg (i allefall samsvarar det med Halliday og Kress sine skildringar av barnespråk), men det står i motstrid til ei utbreidd oppfatting av at me kan ikkje tenkja utan språk og me kan ikkje tenkja ting me ikkje har ord/språk for og liknande. Men som Dagny tydeleg synte: det kan me jo.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det trur eg absolutt Dagny og forskaren har rett i. Men eit anna spørsmål som melde seg då me fekk våre forskingsobjekt i hus var dette: Når ein så får eit språk - kan ein snakka om og reflektera over det som stammar frå før-språksperioden?

Vår no åtteåring hugsar svært mykje frå tida vår i lag, men kan ikkje fortelja noko som helst frå tida før me henta henne som fireåring. Eg veit ikkje om det har med språkmeistringa å gjera, eller om det er meir generelt ein forlaten epoke i livet hennar.

Men interessant å sjå er det i alle fall.

Anonym sa...

Hm, ja, det er interessant! VEit du om det er skrive noko om det?

Anonym sa...

Nei, veit ikkje om det er skrive noko om det - det burde eg sjølvsagt ha visst. Men, men.

Men eg meiner å ha høyrt eller lese noko i forbifarten, om at det altså kan vera vanskeleg å setja ord på det ein har opplevd i "før-språks-tida"