2007-07-17

Design

Ikkje kan ho krypa [noko særleg] og ikkje kan ho gå, men å sitja på rompa er tydelegvis stor stas (ho har vel nokon å slekta på der). Då ho brått nekta å ein gong leggja seg ned i vogna når det var tid for ein tur, tenkte me det var på tide å introdusera det andre barnemøbelet (etter grindsenga): Tripp-trappstolen.



Stolen vart visst introdusert i 1972, og er, som de kan sjå, eit kunstverk. Avstanden mellom sitjeplata og fotstøtta kan justerast, og fotstøtta kan til og med brukast som sitjeplate når ungane vert store nok. Fleire i foreldregenerasjonen kan fortelja at dei brukte stolen sin heilt til dei flytte heimanfrå.

Utgåva me fekk tak i, mangla diverre ein viktig komponent: bøylen som sikrar at ungen ikkje ramlar av stolen (for det er langt ned). Og, her kjem poenget i denne historia: Det gjekk faktisk heilt fint å kjøpa ny bøyle! Det er det beste provet på at stolen ikkje berre var eit blaff, men ein institusjon.

Kor som er, Dagny tykkjer iallfall det er stor stas å sitja ved bordet saman med oss. Tutekoppen har ho ikkje heilt fått teken på enno.

4 kommentarer:

Ragnhild sa...

Oj! Her går det framover! Men det overraskar meg ikkje, etter å ha sett kor god motorikk vesla har. Eg har ein fantastisk artig videosnutt der ho sit i spagat samstundes med at ho brukar tærne aktivt for å få has på ein brikke.

Anonym sa...

Jeg har sittet en del i tripp-trapp stol på jobb (i barnehage altså) som voksen. Det er ikke veldig behagelig...

Lars sa...

Men nå kom jeg på at tripptrappstoler for voksne sikkert er et bra forretningskonsept...

Anonym sa...

men so viste det seg at det me trudde var ein forlaten tripptrappstol, var naboen sin, som dei hadde sett ut i gangen av di dei måtte flytta ut av bua si då me skulle få internett i huset vårt. Heldigvis fekk me levert han attende då dei hengde opp lapp med bilete og etterlyste stolen. Men oioioi. No er me tjuvar! Pinleg! Oioioi! Me er ikkje betre enn ordføraren i Oslo