2007-06-05

gissetevling

Om dagen er me veldig fokuserte på bæsj (dagny har alltid litt treg mage, bortsett frå i førre veke då ho bæsja fleire gonger for dagen og ofte grøn, so me går ofte og ventar på at bæsjen skal koma). Difor handlar fleire og fleire av songane me syng om bæsj. Tevlinga er ganske enkel: Kva kjende dikt og songar er det som her plutseleg har byrja å handla om bæsj?

1
det er den bæsjen me ber på

2
bæsj ligger og venter på deg
bak neste dør
bæsj er varm og våt
bæsj gjør deg gal og ør

3
og der kom bæsjen
og der kom bæsjen
og der kom bæsj, der kom bæsj, der kom bæsj bæsj bæsj
ja, der kom bæsjen, ja der kom bæsjen
og for en lidelse det er



Premien er ein suss på nasen frå Dagny (bæsjebleiene tek tarjei)

6 kommentarer:

Anonym sa...

1. Det som har vorte den største nynorske klisjeen: Det er den draumen, Olav H. Hauge.

2. Fryd, Anne Grete Preus (som eigenleg ikkje har gjort så mykje bra sidan den Bjørneboe-plata)

3. Hakje peiling.

4. Kva med
Bæsjen bæsjen svar meg no
Bæsja med ditt kjende ljod

Ein snakkar for øvrig mykje meir om bæsj på nr 1 enn på nr 3.

Brage sa...

1: Det er den draumen av Olav H. Hauge.

2: Fryd av Anne Grethe Preus.

3: Bella Ciao (italiensk trad.)

Anonym sa...

Eg for min del trudde den siste gjekk på tonen av "Dar kjem dampen". Men det gjekk ikkje når eg skulle prøva den ut i praksis - så feil kan ein ta.

Anonym sa...

Brage er best! Men du har vel ikkje helsa på barnet enno, eller har du?

Brage sa...

Nei, skandaløst nok ikke! Men det er jo så mye unger om dagen...

Anonym sa...

Sindre sitt framlegg: Betre med ein bæsj i handa enn ti på taket.