2006-03-10

Velkomen til Skrivarloftet Pratmakeri

Hjarteleg velkomne til den nyskipa virtuelle kommentarspalta Skrivarloftet Pratmakeri. Me er eit samarbeidsføretak, og ingen konkurrent til Nynorsk Kultursentrum, det nyskipa Nynorsksenteret, Noregs Mållag, Skrivekunstakademiet, Krundalen Kulturtenester eller Nasjonalt Program for Tungrekning.

Oppgåva vår er å spreia glede, opplysing og å syna fram skattar frå det nynorske arkivet. Snart får du sjå Tarjei i Ivar Aasens undertrøye og Gudrun med Ivar Aasens lausbart.

Flyg med, flyg med.

Her er eit bilete av eitt av dei mange ukjende kjæledyra til Ivar Aasen:

5 kommentarer:

Eva Marie sa...

Eg gler meg til meir! Veldig fint føretak, dette.

Ragnhild Bjorge sa...

Dette var godt nytt! Kva heitte dyret til Ivar?

Gudrun sa...

Takk, takk. Meir kjem. Me har diverre ikkje enno funne kjelder som opplyser om namn på dyret. Men me tek med glede imot innspel frå andre som har dykka i arkiva.

Ragnhild sa...

Dette skal eg fylgja med på!:-)

Anonym sa...

jau dettar vart no ein interesang ting å følja med på au da. eg tykkjar det vart morro det. takk og pris for at ivar aasen gav oss nynoregs dialekt:)
helsning frå nynoregs ivrigaste talar!