2006-03-12

Medan de ventar på bileta ...

Då me fann dagboka til David Toska med røter på Toska (no kan dei geografikunnige ha tevling om kvar det er), publisert her, forsvann vona vår om å få sjå denne mannen på flygeblada Målungdomen og Mållaget sender ut til tiandeklassingar kvart år med oppmoding om å halda på nynorsken.

Me hadde sett føre oss Toska på framsida, i nynorskgenser, medan han seier "Kameratane mine som skreiv bokmål, er no berre ukjende småkriminelle"

Slik gjekk det ikkje denne gongen.

3 kommentarer:

Eva Marie sa...

Men de kan vera glade for at Toska liknar på Håvard Vågstøl. Det er no noko i alle fall. Kanskje unge Vågstøl på 10. klasseflygis i staden for??

Kjetil sa...

Er ikkje Toska på Askøy? Eller var det Sotra kanskje?

Anonym sa...

Litt seint, men det er jo klart at Toska ligg i Radøy kommune. Askøy og Sotra er nært, men feil. Det ligg aust for Øygarden, og nord for Askøy, sjølv om Holsnøy jo ligg i mellom då...