2012-02-29

Å glida inn og ut or svevnen

Pamela Druckerman bruker mykje tid i boka si på korleis franske foreldre får under til å sova natta gjennom frå dei er eit par månader. Ho meiner det er fordi franskmennene (tenkjer det helst er mødrene, gitt) ikkje tek barnet opp når det vaknar, men let det "binda saman svevnsyklusane sjølv". Lærer ungane det frå dei er små, kan dei det.

No melder BBC (via Aftenposten) at
Stadig mer vitenskapelig materiale tyder tvert imot på at så langvarige søvnperioder [som åtte timar] er unaturlige … Tanken om at man bør sove åtte timer i strekk oppsto i overklassen i nordeuropeiske storbyer sent på 1600-tallet, og har senere spredt seg til andre samfunnslag i vestlige land, sier forskerne.
Eg trur dette kan ha noko føre seg. Problemet, og det er dét som råkar småbarnsforeldre og som tvingar oss til å læra ungane å sova, er sjølvsagt at resten av dette jævla samfunnet ikkje er lagt opp til at vi kan sova når vi er trøytte. Svevnen er noko av det mest private som finst, isolert frå alt anna menneskeleg samkvem. Det er strengt tatt berre "lov" å sova i ein tidsblokk mellom kveld og morgon, og det er strenge sosiale mekanismar som regulerer denne blokken.

Altså: Vi lever i eit samfunn som på mange måtar legg sterke sanksjonar på dei som prøver å sova når det er biologisk naudsynt. Difor er det ikkje rart at vi er desperate etter å få sova heile natta: Vi veit at vi er nøydde til å  få oss den svevnen vi treng innanfor dei tilmålte rammene.

Det same gjeld truleg mat: Det er ikkje sikkert at den strenge inndelinga i måltider vi praktiserer er det beste for alle (slik Druckerman seier at franskmennene meiner, for å halda fast ved det opphavelege førelegget for denne teksten). Men vi har aldri lært korleis vi skal eta sunt utan måltider, difor et vi gjerne usunn mellommat og moraliserer om at vi ikkje burde eta mellommat. Ein skal heller ikkje kimsa av dei praktiske problema det fører med seg å skulle eta sunn mat når kroppen treng det, og den trivelege sosiale funksjonen måltida har.

Slik verda vår er i dag, er eg stygt redd for at alle åtak på dei kulturelle rammene vi har lagt opp liva våre rundt (nattesvevnen og måltida) berre gjer oss meir ustabile, ikkje hjelper oss å koma nærare biologiske grunnbehov.

Ingen kommentarer: