2009-09-18

Foreldrenerderi

Inspirert av bloggen Free-Range Kids/

Pratmakeriet har ein slags verksemdskultur med å ikkje barnesikra så mykje. Så langt har me greidd oss med å ropa ut "Nei, oi, den kniven er veldig stor og farleg", "Ikkje trekk i den leidninga, er du snill, du kan få brødristaren i hovudet" og "Du, det toastjarnet er veldig varmt".

Ikkje har me babycall heller.

Dette er ikkje ei prinsipiell tilnærming, men pragmatisk (pragmatisk er det nye honnørordet mitt, har eg funne ut). Ingen vil at ungane skal skada seg alvorleg, og ingen kan barnesikra 100% (eller heimesikra barn 100%). Ein må rett og slett sjå heimen og ungane an, som foreldregenerasjonen ville sagt.

Kjapt ser det ut som om Free-Range Kids argumenterer for at ein ikkje skal leggja innslagspunktet på det verst moglege scenariet ein kan tenkja seg.

3 kommentarer:

Marit Aakre Tennø sa...

Veldig bra. Eg har ein hugseregel: (la oss bruke klatring som eksempel) Dør dei om dei dett ned? om svaret er ja, då får dei ikkje lov, om ikkje, er det greit (t.d. om vurderinga er at dei berre kan brekke foten)

Unknown sa...

Super regel. Men det er to risikoar som er der samstundes: Risiko for at det skal gå gale, og risiko for å døy om det går gale.

Intuitivt trur eg at eg godtek høg risiko på fyrste ledd, og krev låg risiko i andre - uavhengig av kvarandre. Men kanskje eg heller burde vurdera den samla dødsrisikoen? Mystisk. Uff, at sannsynsrekning skal vera så kontra-intuitivt.

Marit Aakre Tennø sa...

Du har sjølvsagt rett. Då lyt det heller vere slik at alt dei ikkje kan døy av umiddelbart er greitt, medan det dei kan døy av (om det går gale)må opp til vurdering kvar einskild gong.

ofte kjem dette synet i konflikt med t.d. forsiktige besteforeldre som ikkje vil at ungane skal springe så fort fordi dei ikkje skal dette og slå seg (sjølv om dei ikkje kan døy av det).