2008-12-07

Adventsljos

Jostedalsrypa skriv om adventsstake. Merkeleg nok hadde me alltid det i den ukristelege heimen min, sjølv om me ikkje nett song nokon songar.

På Pratmakeriet har me utvikla eit slags kompromiss mellom gudløyse og tradisjonar. Me har lilla ljos og tenner dei på sundagane, men me har berre tre og dei står ikkje i ein adventsstake, men i tre små glasstakar. Årsaka til det siste er estetisk. Årsaka til det fyrste er vel at me berre fann tre slike glasstakar og tre ljos. Sidan me reiser vestover siste sundagen i advent, er det heller ikkje noko problem.

Tenn lys vert heller ikkje veldig gudeleg før i siste verset, så ein hendig biverknad er at me ikkje treng å ta stilling til korleis me skulle sensurert eller sekularisert siste verset.
Posted by Picasa

1 kommentar:

Ingvild Aursøy Måseide sa...

Eg skjønar ikkje problemet. Eg kjem ikkje frå nokon kristen heim, men me tent ljos i alle år til advent.

Adventsstaken vår var ein gris frå Pandura Hobby. For kvart lys las me eit vers av adventdiktet til Inger Hagerup. Trur det er ho som har skrive diktet. Då tenner me lys for fred, lengsel, håp og glede. Det er no fint :) Rett nok er ikkje diktet på nynorsk, men men.

No har eg kjøpt meg eigen adventsstake. Han er i mørkt smijarn og har hjarte på seg. Det blir alltid høgtid i heimen når me finn han fram, tykkjer no eg.