2008-06-17

Pip-pip?

Det var vel ikkje til å unngå, men det må har vore i barnehagen ho lærte det: No spring iallfall Dagny etter alle småfuglar og ropar "pipp-pipp" (eg minnest enno veslebror min, som erklærte at "det heiter ikkje vov-vov, det heiter hund" då nokon prøvde seg på slikt tull til han).

Uansett, på fjernsynet dukka det brått opp ei ørn, og barnet ropar ut: "Pip-pip!"

Kva anna kan me gjera enn å seia "Ja, det er ein fugl"?

(litt etterpå dukka det opp ein bøffel, og ho ropa "(h)est!", men det var jo ikkje like pussig, for me vart ikkje heilt samde med oss sjølve om bøffel er hest, kyr eller sau. Det er vel ei kyr, men sidan moskus er sau, er det ikkje så lett. Alt stort med fire bein som ikkje er "(h)und" er visst (h)est for tida).

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Då ho var på vitjing hjå oss, trudde ho at alle kosedyra våre var sauer (sjølv om dei var hundar, kattar o.l) Men eg trur ho sa sau og ikkje bæ.

Anonym sa...

Og no har ho byrja med slengkyss. Det er det i alle fall ikkje me som har lært henne. Barnehage altso