2008-03-06

Observasjon frå forskingsfronten

Dette med språklæring er faktisk ganske artig, og eg skjønar godt at Halliday forska på ungen sin.

Sjølv tykkjer eg at språkfragmenta som kjem når Dagny "bablar" er ganske avslørande. Her ein morgon, medan me leitte etter huva og støvlane og slik, høyrde me: "Hva er'e?", med Oslo-r og greier. Eg lurer på om det kan vera eit lurt målkrav at fødselspermisjonen må vara til ungane har byrja å snakka. Openbert at barnehagar er korrumperande.

Det positive er at ho held seg for augo og spør "Henne?" (altså, frå "Hen e' Dagny?")

4 kommentarer:

Ragnhild sa...

Det kan òg hjelpa på språkutviklinga i rett lei at ho mengar seg med nordmøringar.

Mass sa...

"Henne" er eit austlandsord godt som noka, vil no eg seie: "Vor er Dagny henne?"

Eva Marie sa...

Eller: Kor e ho Dagny hænne?

Ingvild Aursøy Måseide sa...

Eg har eit betre tips: flytt til Sunnmøre.