2006-07-16

Kvin, kvin, oppvaskmaskin

Eit steg nærare (meir) hygge i heimen: oppvaskmaskina er i boks. Me hadde ein kort rekognosering for nokre veker sidan, og i går for me opp på Storo Storsenter for å investera. Det var mange maskiner i vår prisklasse å velja mellom, men heldigvis hadde Elkjøp hengt opp skilt med lykeldata. Då var det lett å velja, sidan vår modell (Electrolux ESF6549) skåra best både på energiforbruk, vask og tørk. (Seljaren var samd i vurderinga vår). På tysdag kjem maskina, og på onsdag kjem røyrleggjaren.

3 kommentarer:

Jens Kihl sa...

Til lukke! Om det er interessant, kjøpte eg òg ei Elektrolux oppvaskmaskin på Storo (eller var det Carl Berner? No har eg gløymd det) i førre veke. Så no er me ein slags klubb. Om de treng nokon å utveksla røynsler, problem eller berre vil fortelja dei siste Elektrolux-rykta til nokon, så er eg klar.

Ragnhild sa...

Til lukke med oppvaskmaskin!

No vert det kjekt å rydda opp etter fest, no! ;-)

Anonym sa...

Dette er jo heilt fantastisk! Eg er viss paa at denne nyvinninga ogsaa vil gjera meg sjolv godt. (utan eg skal paastaaaa (heller tvert om) at eg har slite meg ut pa oppvasking av ting paa skrivarloftet) Men som sagt: veldig bra. Marit seier at ho hadde som maal aa faa vaskemaskin innan ho fylde 30. Og de er jo begge godt innafor den marginen. Tvillingen min derimot, har lege etter lenge paa dette feltet