2006-03-30

Ny skatt frå Det Nynorske Arkivet + Gissetevling

Ein må nok seia at målrørsla har vore veike dei siste åra når det gjeld å opplysa born og vaksne om skadeverknadene åt alkoholen. Skrivarloftet Pratmakeri tek difor andsvar og prentar utdrag frå ein klassisk tekst me vonar fleire kan ha nytte og glede av å lesa:

"Russiske aviser kan fortelja at heile 60% av alle mord, ran, tjuveri og andre brotsverk i dette veldige landet skriv seg frå vodkaen - det rusiske kornbrennevinet som i utsjånad liknar på det klåraste kjeldevatn. Kanskje dette mishøvet er ein av grunnane til at Bresjnev ynskjer amerikansk hjelp til å reisa ein stor cocacola-fabrikk? Og kva med Frankrike som har den største prosenten alkoholikarar (vanedrikkarar) i verda? Om lag 10 - 12% av det franske folket høyrer til i denne gruppa, og mellom dei finst det endåtil born!

Vi må vel ikkje gløyma å sopa for vår eiga dør. Heilt frå vikingtida har skandinavane vore kjende for den stygge drikkinga si og dei ufjelge drikkevanane. Dei har sjeldan lært å halda måte, men drikk for å bli fulle. Dårleg drikkekultur har liksom vore den merkelappen vi har fått på oss, endå vi har meir restriksjonar og forbod når det gjeld alkohol enn dei fleste andre. Men anten ein drikk med eller utan kultur, fører alkoholen i alle fall til store skadar. Og det beste er vel å la vera å drikka, ikkje sant?"

Spørsmålet er ikkje kvar alkoholmoralen tok vegen, men kvar og kva tid denne teksten stod.

Premien er arkivvandring i Det Nynorske Arkivet med Lars Asgeir Rottem Krangnes (ikkje spurd).

15 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Eg trur denne teksten har stått på prent i Norsk Barneblad.

Anonym sa...

Hmm.. Du er inne på noko. Då er det neste spørsmål: Kva tid kan dette ha stått på prent?

Magnus sa...

Det må ha vore mellom 1964 og 1982, tenkjer eg. Det var då Bresjnev hadde makta. Og då gissar eg nok på midten av 70+-talet...

Anonym sa...

du nærmar deg...

Ragnhild Bjorge sa...

1977

Anonym sa...

No er forgjengaren til Bresjnev, Khrutsjov, kjend for å ha førd inn pepsien til Sovjetunionen. Det er litt pussig, for Pepsi kom så vidt eg veit først på den sovjetiske "marknaden" i 1973, altså i Bresjnev si tid! Pepsi sitt monopol i Sovjetunionen vart først brote i 1985, tre år etter at gamle Leonid Iljitsj trekte natthuva ned over augo for godt. Reuters melde i mai 1982 at Sovjetunionen tinga med den vest-tyske deilda av Cola-konsernet om etablering av ein fabrikk og sal. Ettersom det ser ut som om Bresjnev framleis er i live, vil eg gissa på 1982, ein gong mellom 15. mai (Reuters si melding) og 10. november (Bresjnev døydde).

Anonym sa...

Sorry, Lars, Ragnhild og Magnus er nok nærare - sjølv om ingen har funne heilt presist rett årstal enno. Eg som trudde du hadde fullt oversyn i Det Nynorske Arkivet. Har eg teke feil? Må me skaffa ein ny premie?

Vidar sa...

Altså: Bresjnev døydde i 1982. MEN: etter at Carter vart president i USA (20.1.1977) så opna Bresjnev fyrst for Fanta, og lova at coca-cola skulle bli lovleg føre OL i Moskva i 1980. Difor tippar eg 1978. Dette var føre 1979, då stemninga vart forsura av invasjonen av Afghanistan. Jo, 1978 er def. mitt tips.

Anonym sa...

Kanksje de rett og slett er litt for flinke i historie? Magnus er altso den næraste til no

Ragnhild Bjorge sa...

neste freistnad: 1976

Anonym sa...

Konklusjonen er uansett at Bresjnev braut løfta sine ;)

Anonym sa...

Det er sant. Ragnhild er på rett veg. Kom an då, no er det snart ikkje fleire årstal att på syttitalet! De klarar dette.

Magnus sa...

1974

Anonym sa...

oi oi oi!

Magnus er vinnaren! Sidan det syner seg at Lars ikkje har fullstending oversyn i Det Nynorske Arkivet, trur eg det trengst ein premie til. Kanskje eg og Tarjei kan invitera deg på middag på skrivarloftet ein dag i påsken. Kva seier du til det?

Magnus sa...

Takk, for middag! sei ein dasto.