2012-05-07

Fokusering

Leseloftet pratmakeri

Normalsyn har høg djupneskarpleik. Menneske med normalsyn flytter ikkje fokus medvite. Det å fokusera på noko slik at det andre vert uklart, krev mykje konsentrasjon. Når eg siktar med kornsikte, må eg arbeida mykje for at fokus ikkje skal gleppa til det eg siktar .

Det enklaste fototrikset i boka er å ta bilete med stor blendaropning slik at objektet i fokus vert skarpt medan det framføre og attanføre vert uklårt.

I det siste har eg tenkt på kor likt dette eigentleg er korleis vi oppfattar språk. Dersom vi fokuserer for langt borte, vert det munnlege språket støy og skrifta på ei side grå. For nært (på dei einskilde ljodane og bokstavane) mister orda meining.

Jenta (5 år) har knekt «lesekoden». Ho koplar bokstavar til fonem, og skjønar at fonema vert til ord. Men ofte kan ho seia ordet høgt, mange gonger, utan å heilt skjøna kva ord det er. Eg tenkjer at det er eit uttrykk for at det dynamiske fokuset er noko ein faktisk må læra seg, at vi lærer oss å veksla «lett og ledig» mellom bokstavering og ordbileta.

2012-04-23

Meir om franske ungar

Skrivarloftet Pratmakeri følgjer resepsjonen av boka om kvifor franske ungar ikkje kastar mat. No er historia komen til klikk.no, sjølvsagt med tittelen "Slik gir DU barna franske manerer". Hadde det ikkje vore for at nyhenda er fulle, hadde deg nok fort vorte ei Dagbladet-framside av slikt.

2012-03-15

Kor god pratmakar er du?

God kronikk om kartlegging og testing av ungar i Dagbladet 15.3

På pratmakeriet vart vi bestyrta då vi las om bakgrunnen for testen SPRÅK4, som eldstejenta vart utsett for i vinter. I ein rapport kan vi mellom anna lesa denne vurderinga av testen:

Det er ikke et godt kartleggingsverktøy. Validiteten er lav. Vitenskapelig grunnlag som kartleggingen bygger på er svakt. Spørsmålet er om kartleggingen undersøker språk. Den kartlegger noen delferdigheter, kanskje marginale delferdigheter når det gjelder språk.

2012-02-29

Å glida inn og ut or svevnen

Pamela Druckerman bruker mykje tid i boka si på korleis franske foreldre får under til å sova natta gjennom frå dei er eit par månader. Ho meiner det er fordi franskmennene (tenkjer det helst er mødrene, gitt) ikkje tek barnet opp når det vaknar, men let det "binda saman svevnsyklusane sjølv". Lærer ungane det frå dei er små, kan dei det.

No melder BBC (via Aftenposten) at
Stadig mer vitenskapelig materiale tyder tvert imot på at så langvarige søvnperioder [som åtte timar] er unaturlige … Tanken om at man bør sove åtte timer i strekk oppsto i overklassen i nordeuropeiske storbyer sent på 1600-tallet, og har senere spredt seg til andre samfunnslag i vestlige land, sier forskerne.
Eg trur dette kan ha noko føre seg. Problemet, og det er dét som råkar småbarnsforeldre og som tvingar oss til å læra ungane å sova, er sjølvsagt at resten av dette jævla samfunnet ikkje er lagt opp til at vi kan sova når vi er trøytte. Svevnen er noko av det mest private som finst, isolert frå alt anna menneskeleg samkvem. Det er strengt tatt berre "lov" å sova i ein tidsblokk mellom kveld og morgon, og det er strenge sosiale mekanismar som regulerer denne blokken.

Altså: Vi lever i eit samfunn som på mange måtar legg sterke sanksjonar på dei som prøver å sova når det er biologisk naudsynt. Difor er det ikkje rart at vi er desperate etter å få sova heile natta: Vi veit at vi er nøydde til å  få oss den svevnen vi treng innanfor dei tilmålte rammene.

Det same gjeld truleg mat: Det er ikkje sikkert at den strenge inndelinga i måltider vi praktiserer er det beste for alle (slik Druckerman seier at franskmennene meiner, for å halda fast ved det opphavelege førelegget for denne teksten). Men vi har aldri lært korleis vi skal eta sunt utan måltider, difor et vi gjerne usunn mellommat og moraliserer om at vi ikkje burde eta mellommat. Ein skal heller ikkje kimsa av dei praktiske problema det fører med seg å skulle eta sunn mat når kroppen treng det, og den trivelege sosiale funksjonen måltida har.

Slik verda vår er i dag, er eg stygt redd for at alle åtak på dei kulturelle rammene vi har lagt opp liva våre rundt (nattesvevnen og måltida) berre gjer oss meir ustabile, ikkje hjelper oss å koma nærare biologiske grunnbehov.

2012-02-17

Ei bok eg har lese

Det er litt tilfeldig kva eg får med meg av slikt, men det forundrar ikkje om boka eg nett omtala (French children don't throw food / Bringing up bébé) kjem til å vera grunnlaget for foreldre&barn-spaltene i månader frametter. No køyrer Aftenposten td. ei sak om ungar som ikkje vil sova, eit tilfelle der Druckerman ser ut til å ha oppdaga ei genial "fransk" løysing. Og bruker ikkje Druckerman to-tre kapittel berre for å fortelja korleis ungar søv heile natta etter eit par månader i Frankrike? Eg kunne ikkje finna eksplisitte referansar i teksten.

Eg var kanskje ikkje utruleg fascinert av boka, men ser at ho er eit glimrande utgangspunkt for foreldre-journalistikk. Tippar at boka kjem ut på norsk om to-tre år.

2012-02-13

Barnerøkt som kulturuttrykk

I fjor var det tigermamma. I år er det franskmamma. Oppsiktsvekkjande las eg om denne boka fyrst i Dag og Tid, i ein omtale av Arvid Bryne. Eg har mistanke om at eg alt har lese meir av boka enn det han har gjort, så her ei mi eiga bokmelding.

Pamela Druckerman: French Children Don’t Throw Food (US: Bringing up bébé)

Druckerman er amerikansk journalist, gift med ein engelskmann og busett i Paris. I starten fortel ho at om at føremålet med boka var å finna utkvifor dotter hennar var heilt umogleg (det ein kallar “trassalderen”, og som eg trudde var ein periode heilt til eg fekk ungar sjølv) medan franske jamalderingar såg ut til å føra seg åt. Heilt sant er det neppe, fordi bokprosjektet (dvs, dei anekdotiske observasjonane av fransk oppseding) ser ut til å starta før frævinga. Licentia poetica.

Druckerman har, frå heimekontoret sitt i Paris, utforma eit konsept for reportasjebøker: Fransk kultur sett med angloamerikanske augo (så langt, utruskap og born). Grensesprengjande originalt er det ikkje (Anglo Files av Sarah Lyall dukka opp i tankane mine): Reisa til eit anna land og skriva ei bok om det. Likevel, dette er artig lesnad, så eg reknar med at dei fleste som prøver å skriva slike bøker, vert refuserte. Det Druckerman gjer i boka, er ikkje å finna ut kvifor franske ungar ikkje kastar mat på golvet, men å skildra skilnader mellom US-amerikansk og fransk barnerøkt.

Norsk barneoppseding, slik eg kjenner (og utfører) henne, fell ein stad mellom desse to, men kanskje nærare den franske.

Vi har stor tru på institusjonar som småbarnsbarnehage (“crèche”) og helsestasjonar, vi trur på faste rammer men at førskuleungar skal få utforska verda på eigahand (“han leiker fint for seg sjølv” er rosande om ein unge). Vi (iallfall min sosio-politiske omgangskrins) er skeptiske til screening (td. språk 4) og drilling av småungar. Når eldstejenta (fem) arbeider med dei pedagogiske oppgåvebøker (som ho tykkjer er kjempemoro), er vi nesten påteke uinteresserte. Derimot er vi opptekne av at ungane skal få gjera ting “på ekte”, til dømes vera med å baka og laga mat. Vi reknar dei som fornuftige individ, men vi meiner at vaksne veit ein del ting best, til dømes når ungane bør vera i seng. Mykje av det ho skildrar som fransk, ville eg truleg rekna som norsk.

Samtidig resonnerer baby-religionen hjå oss: Norske kvinner ammar lenge og babygreier skal helst vera organisk frå ein ende til den andre (bokstaveleg tala). Dei fleste småbarnsforeldre eg snakkar med, gjev dessutan uttrykk for at livet krinsar heilt og fullt rundt ungane, men at det heldigvis berre er snakk om nokre år. Eg kjenner òg att denne trongen til framdrift, til å sjå ungane nå “neste nivå”. Dette skildrar Druckerman som anglofone idéar.

Argumenta hennar, stort sett er anekdotiske, kjenst stundom litt tunne. Ho må jamt gå ved at ho generaliserer, at alle ikkje gjer slik-og-slik, men appellerer likevel om å tru henne når ho fortel at ho skildrar skilnader i forventningar og mentalitet.
… but the ideals in each place are very different [2312]
Eg saknar kanskje større medvit om korleis ein gjer ting utanfor denne dikotomien ho skildrar, meir drøfting av objektive vilkår (fødselspermisjonar, til dømes). Men då hadde boka truleg vorte mindre anekdotisk og mindre populær, og eg hadde aldri høyrt om henne.

Vel, uansett. Har ein små ungar sjølv, er det utruleg kjærkome (og truleg anglofont) å lesa reportasjejournalistikk frå denne vinkelen. Og, sidan dette handlar om Frankrike og USA, vert det heller ikkje like påtrengjande som Jesper Juul eller Gro Nylander.

2011-04-01

Himmelen

Nett i det vinteren endeleg er i ferd med å forsvinna, og våren byrjar å verma oss litt, vert det avdekt ein del veikskapar i grunnarbeidet utanføre barnehagen.

Mellom anna er det ikkje ein søledam framføre heile bygget, men ein veritabel sjø. Kunne livet ha vore betre?

2011-03-17

Tigermamma update

No er Akersgata på saka, ser det ut som.

Eg kjenner at saka gjer meg stum. Eg kjem ikkje på noko lurt å seia. Men det slo meg her om dagen at ungane lærer seg ting mykje tidlegare enn eg gjorde. Same kor mykje stygt ein seier om SV-skulen i Noreg. Kanskje ungar alltid gjer det.

2011-03-01

Slik kan det òg gjerast

I føregangslandet går visst debatten høgt om tigermamma.

Det kjekkaste Omar og Dagny veit, er å leika tiger og løve. Men det er vel ikkje heilt slik Amy Chua ser det føre seg.

2011-02-15

TV-stjerna



Det er viktig å markera seg alt i ung alder. Hausten 2008 introduserte vi Dagny for filmbransjen. Resultatet kunne vi sjå i Koselig med peis, episode 2 (frå 19:40-19:56 i klyppet). No får vi byrja å sjå oss om etter ei rolle for yngstemann òg.

2009-10-05

Feltarbeid


Det er haust, og trea mister blada sine. Då kan det vera kjekt å tenkja på at me fotograferte ein bever i sumar.

2009-09-18

Foreldrenerderi

Inspirert av bloggen Free-Range Kids/

Pratmakeriet har ein slags verksemdskultur med å ikkje barnesikra så mykje. Så langt har me greidd oss med å ropa ut "Nei, oi, den kniven er veldig stor og farleg", "Ikkje trekk i den leidninga, er du snill, du kan få brødristaren i hovudet" og "Du, det toastjarnet er veldig varmt".

Ikkje har me babycall heller.

Dette er ikkje ei prinsipiell tilnærming, men pragmatisk (pragmatisk er det nye honnørordet mitt, har eg funne ut). Ingen vil at ungane skal skada seg alvorleg, og ingen kan barnesikra 100% (eller heimesikra barn 100%). Ein må rett og slett sjå heimen og ungane an, som foreldregenerasjonen ville sagt.

Kjapt ser det ut som om Free-Range Kids argumenterer for at ein ikkje skal leggja innslagspunktet på det verst moglege scenariet ein kan tenkja seg.

2009-06-04

Norske verdiar

Noko av det fyrste eg fekk høyra frå ein av dei andre foreldra i barnehagen her på Veitvet då Dagny byrja for litt over eit år sidan, var at det var eit problem med innvandrarane (eller, ho sa berre "dei" medan ho heva augnebryna), at "dei" gjekk jo ikkje ut når det regna, slik at ungane i barnehagen fekk berre vera ute når det var sol, og sidan ungane "deira" ikkje hadde ordentlege regnklede, fekk skuleklassen til sonen hennar aldri vera ute når det regna. Eg hadde ikkje så mykje å seia til desse tinga, ho hadde jo trass alt meir røynsler frå både skule og barnehage på staden enn meg.

Men i dag kom mora og eldstedottera frå dei utruleg trivelege sikh-naboane våre bort og spurde om me hadde eit par støvlar mora kunne låna, for klassen til dottera skulle sova ute i skogen, og då skulle nokre foreldre vera med. Og eg (lettrørt høggravid) vart utruleg glad!

Og kva kan me læra av dette? Til dømes:
1. at eg ureflektert og intuitivt er tilslutta den norske verdien at det er moralsk høgverdig å vera ute når det regnar
2. at eg dessutan er tilslutta den norske verdien at det er bra å kjenna naboane sine (den er kanskje ikkje spesielt norsk)
3. at naboane mine verkeleg gjer ein innsats for å delta i dei norske verdiane. Diverre skal dei flytta snart -- eit anna teikn på internalisering av dei norske verdiane her på staden er at ein drøymer om å flytta i større hus utanfor bygrensa

(dessutan, berre så det er sagt: Etter kvart fann eg ut at dei er ute i barnehagen også når det regnar)

2009-05-04

1. mai

Kvart år, i slutten av april, tenkjer eg at eg skal laga handplakatar med "Eg vil høyra meir nynorsk på barnefjernsyn". Så gløymer eg det, og då står demonstrantane att med slikt som dette.

Ekspedisjon

I fall nokon skulle tru så vondt om oss at dei mistenkjer oss for å ha juksa med klyppekorta: Her er provet på at vi fann post 13 på Mini-o-dilten 2009. Det er lettvarianten av den kjende Lillodilten, med postar på nær sagt kvart eit hushjørne.



Dagny var mest interessert i å sjå på maur, men ho kravde likevel å få bera kartet. "Kan eg få sjå litt på kartet?" - "Nei!" - "Men me må jo vita kvar me skal gå!" - "Vi kan gå litt hel, litt hel og litt hel", peikte ho, men ei alvorleg mine som ikkje lot seg affisera av at det var halvannan kilometer mellom kvart av punkta ho peikte ut.

Me skal nok greia å bruka heile sumaren på dei tretti postane.

2009-05-02

Namnetevlinga 2009

Pratmakeriet går mot straumen, og satsar som kjent på å utvida staben i desse krisetidene. 5. juni skjer det, men før dess må me avklara minst eitt viktig spørsmål: namn.

Vert det ein gut, må han heita Omar. Det seier seg vel sjølv: eit namn som sameinar det beste frå aust og vest (nærare bestemt Midtausten, Indre Sogn og Baltimore).

Vert det ei jente, er me faktisk opprådde. Sidan Dagny fekk namnet sitt etter ei svært vellukka namnetevling der Lars Asgeir Rottem Krangnes gjekk av med sigeren, prøver me det same som sist. Kva skal barnet heita? Har du eit framlegg?

Me er svært takksame for namn, og det kjem nok barnet til å vera etter kvart òg (grådig flaut å byrja på skulen utan namn).

Førebels ser lista vår slik ut:
Marta
Matja (Gudrun seier nei)
Maika (jenta frå verdsromet)
Aslaug (nei; det er eit innlandsnamn)
Signe
Inga
Astrid, Ragnhild osb er fine namn, men dei kjennest litt opptekne ut
Yolanda
Tamara
Dyveke
Torborg

Me vert glade om du har noko betre å koma med!

2009-04-17

Komplimang

I dag tidleg sa altso barnet mitt til meg, då eg tok på den tynne, blå kåpa i staden for verdas største vinterjakke: "Har du på den jakken, mamma? Da blir det vår!"

Super-Dagny!

(Eg trur at det er heilt egoistiske grunnar til at ein lagar ungar: for å få mengder av ukritisk kjærleik, beundring og komplimangar)

2009-02-10

Om hijab i politiet

Me har no sett halve Viggo Johansen-programmet om hijab, og gjer leksa vår og skriv seks me veit at-setningar:

  • Me veit at Knut Storberget ikkje er mot debatt.
  • Me veit at Arne Johannessen stilte utan bart, men med skjegg. Me tykkjer at dei kunne valt å standardisera på bart for alle polititenestefolk (damer òg).
  • Me veit at det ikkje er nokon menneskerett å verta politi, korkje for kriminelle eller muslimske damer.
  • Me veit at den norske statsmakta per definisjon er nøytral.
  • Me veit at hijab-en neppe kjem til syne når politifolka tek på seg full anti-demonstrantrustning (men det visste me jo frå før).
  • Me veit at Arne Johannesen også er fagforeiningsleiar.


Kva skal me gjera? Kva skal me seia? Uttrykkja oss klårare, seier læraren: I morgon vert det gruppearbeid om lesarbrev til Klasseavisa.

2009-01-20

Action!

Rapport frå akademia:

Kva i alle dagar er det eg vil, tenkte eg ein stad i teorikapitlet i Den store Avhandlinga som eg held på å skriva, slik som ein ofte tenkjer når ein skriv lange tekstar. Men so kom det ein strofe flygande: "action action, eg ser etter action"

og eg kom på at det er jo det eg held på med når eg freistar å forstå desse tekstane som desse ungdomsskuleelevane har skrive på internettet: eg ser etter action, og det er det som styrer teorien eg leitar etter og lagar.

action forstått 1. som handling (altså direkte omsett og ganske udramatisk), og det inneber heile den breie pragmatiske språkvitskaplege traidsjonen: pragmatikk, retorikk, språkhandlingsteoriar, funksjonell lingvistikk osb.

men 2. forstått som, nettopp action: Kva er det som står på spel? Kvar ligg konflikten? Kvar er det det skjer? (osb) (og sjølvsagt: kva er vilkåra for det som skjer?)

Oppsummert: Dette fører jo til ei monaleg innsnevring og fokusering av den breie pragmatiske tradisjonen, samstundes som det gjev meg eit strukturerande prinsipp for teorikapitlet.

Konklusjon: Jokke har redda teorikapitlet mitt, og er dessutan best. Og Action er ein av dei beste songane.

2008-12-07

Adventsljos

Jostedalsrypa skriv om adventsstake. Merkeleg nok hadde me alltid det i den ukristelege heimen min, sjølv om me ikkje nett song nokon songar.

På Pratmakeriet har me utvikla eit slags kompromiss mellom gudløyse og tradisjonar. Me har lilla ljos og tenner dei på sundagane, men me har berre tre og dei står ikkje i ein adventsstake, men i tre små glasstakar. Årsaka til det siste er estetisk. Årsaka til det fyrste er vel at me berre fann tre slike glasstakar og tre ljos. Sidan me reiser vestover siste sundagen i advent, er det heller ikkje noko problem.

Tenn lys vert heller ikkje veldig gudeleg før i siste verset, så ein hendig biverknad er at me ikkje treng å ta stilling til korleis me skulle sensurert eller sekularisert siste verset.
Posted by Picasa