
Dagny var mest interessert i å sjå på maur, men ho kravde likevel å få bera kartet. "Kan eg få sjå litt på kartet?" - "Nei!" - "Men me må jo vita kvar me skal gå!" - "Vi kan gå litt hel, litt hel og litt hel", peikte ho, men ei alvorleg mine som ikkje lot seg affisera av at det var halvannan kilometer mellom kvart av punkta ho peikte ut.
Me skal nok greia å bruka heile sumaren på dei tretti postane.
2 kommentarer:
Så langt hår Dagny har fått! Og Gudrun ser ikkje gravid ut. Eg trur vi må møtast snart!
Men eg er supergravid altso! Det var nok noko rart med kameravinkelen. Eller kameramannen. Men me må få til å møtast ein dag!
Legg inn en kommentar