2013-03-19
Seinoppdraging
2012-06-17
Mote for kidsa
Via indregard på Facebook, som gjorde at eg las dette som vellukka satire istadenfor ein seriøs reportasje.
2012-05-07
Fokusering
Normalsyn har høg djupneskarpleik. Menneske med normalsyn flytter ikkje fokus medvite. Det å fokusera på noko slik at det andre vert uklart, krev mykje konsentrasjon. Når eg siktar med kornsikte, må eg arbeida mykje for at fokus ikkje skal gleppa til det eg siktar på.
Det enklaste fototrikset i boka er å ta bilete med stor blendaropning slik at objektet i fokus vert skarpt medan det framføre og attanføre vert uklårt.
I det siste har eg tenkt på kor likt dette eigentleg er korleis vi oppfattar språk. Dersom vi fokuserer for langt borte, vert det munnlege språket støy og skrifta på ei side grå. For nært (på dei einskilde ljodane og bokstavane) mister orda meining.
Jenta (5 år) har knekt «lesekoden». Ho koplar bokstavar til fonem, og skjønar at fonema vert til ord. Men ofte kan ho seia ordet høgt, mange gonger, utan å heilt skjøna kva ord det er. Eg tenkjer at det er eit uttrykk for at det dynamiske fokuset er noko ein faktisk må læra seg, at vi lærer oss å veksla «lett og ledig» mellom bokstavering og ordbileta.
2012-04-23
Meir om franske ungar
2012-03-15
Kor god pratmakar er du?
På pratmakeriet vart vi bestyrta då vi las om bakgrunnen for testen SPRÅK4, som eldstejenta vart utsett for i vinter. I ein rapport kan vi mellom anna lesa denne vurderinga av testen:
Det er ikke et godt kartleggingsverktøy. Validiteten er lav. Vitenskapelig grunnlag som kartleggingen bygger på er svakt. Spørsmålet er om kartleggingen undersøker språk. Den kartlegger noen delferdigheter, kanskje marginale delferdigheter når det gjelder språk.
2012-02-29
Å glida inn og ut or svevnen
No melder BBC (via Aftenposten) at
Stadig mer vitenskapelig materiale tyder tvert imot på at så langvarige søvnperioder [som åtte timar] er unaturlige … Tanken om at man bør sove åtte timer i strekk oppsto i overklassen i nordeuropeiske storbyer sent på 1600-tallet, og har senere spredt seg til andre samfunnslag i vestlige land, sier forskerne.Eg trur dette kan ha noko føre seg. Problemet, og det er dét som råkar småbarnsforeldre og som tvingar oss til å læra ungane å sova, er sjølvsagt at resten av dette jævla samfunnet ikkje er lagt opp til at vi kan sova når vi er trøytte. Svevnen er noko av det mest private som finst, isolert frå alt anna menneskeleg samkvem. Det er strengt tatt berre "lov" å sova i ein tidsblokk mellom kveld og morgon, og det er strenge sosiale mekanismar som regulerer denne blokken.
Altså: Vi lever i eit samfunn som på mange måtar legg sterke sanksjonar på dei som prøver å sova når det er biologisk naudsynt. Difor er det ikkje rart at vi er desperate etter å få sova heile natta: Vi veit at vi er nøydde til å få oss den svevnen vi treng innanfor dei tilmålte rammene.
Det same gjeld truleg mat: Det er ikkje sikkert at den strenge inndelinga i måltider vi praktiserer er det beste for alle (slik Druckerman seier at franskmennene meiner, for å halda fast ved det opphavelege førelegget for denne teksten). Men vi har aldri lært korleis vi skal eta sunt utan måltider, difor et vi gjerne usunn mellommat og moraliserer om at vi ikkje burde eta mellommat. Ein skal heller ikkje kimsa av dei praktiske problema det fører med seg å skulle eta sunn mat når kroppen treng det, og den trivelege sosiale funksjonen måltida har.
Slik verda vår er i dag, er eg stygt redd for at alle åtak på dei kulturelle rammene vi har lagt opp liva våre rundt (nattesvevnen og måltida) berre gjer oss meir ustabile, ikkje hjelper oss å koma nærare biologiske grunnbehov.
2012-02-17
Ei bok eg har lese
Eg var kanskje ikkje utruleg fascinert av boka, men ser at ho er eit glimrande utgangspunkt for foreldre-journalistikk. Tippar at boka kjem ut på norsk om to-tre år.
2012-02-13
Barnerøkt som kulturuttrykk
Pamela Druckerman: French Children Don’t Throw Food (US: Bringing up bébé)
Druckerman er amerikansk journalist, gift med ein engelskmann og busett i Paris. I starten fortel ho at om at føremålet med boka var å finna utkvifor dotter hennar var heilt umogleg (det ein kallar “trassalderen”, og som eg trudde var ein periode heilt til eg fekk ungar sjølv) medan franske jamalderingar såg ut til å føra seg åt. Heilt sant er det neppe, fordi bokprosjektet (dvs, dei anekdotiske observasjonane av fransk oppseding) ser ut til å starta før frævinga. Licentia poetica.
Druckerman har, frå heimekontoret sitt i Paris, utforma eit konsept for reportasjebøker: Fransk kultur sett med angloamerikanske augo (så langt, utruskap og born). Grensesprengjande originalt er det ikkje (Anglo Files av Sarah Lyall dukka opp i tankane mine): Reisa til eit anna land og skriva ei bok om det. Likevel, dette er artig lesnad, så eg reknar med at dei fleste som prøver å skriva slike bøker, vert refuserte. Det Druckerman gjer i boka, er ikkje å finna ut kvifor franske ungar ikkje kastar mat på golvet, men å skildra skilnader mellom US-amerikansk og fransk barnerøkt.
Norsk barneoppseding, slik eg kjenner (og utfører) henne, fell ein stad mellom desse to, men kanskje nærare den franske.
Vi har stor tru på institusjonar som småbarnsbarnehage (“crèche”) og helsestasjonar, vi trur på faste rammer men at førskuleungar skal få utforska verda på eigahand (“han leiker fint for seg sjølv” er rosande om ein unge). Vi (iallfall min sosio-politiske omgangskrins) er skeptiske til screening (td. språk 4) og drilling av småungar. Når eldstejenta (fem) arbeider med dei pedagogiske oppgåvebøker (som ho tykkjer er kjempemoro), er vi nesten påteke uinteresserte. Derimot er vi opptekne av at ungane skal få gjera ting “på ekte”, til dømes vera med å baka og laga mat. Vi reknar dei som fornuftige individ, men vi meiner at vaksne veit ein del ting best, til dømes når ungane bør vera i seng. Mykje av det ho skildrar som fransk, ville eg truleg rekna som norsk.
Samtidig resonnerer baby-religionen hjå oss: Norske kvinner ammar lenge og babygreier skal helst vera organisk frå ein ende til den andre (bokstaveleg tala). Dei fleste småbarnsforeldre eg snakkar med, gjev dessutan uttrykk for at livet krinsar heilt og fullt rundt ungane, men at det heldigvis berre er snakk om nokre år. Eg kjenner òg att denne trongen til framdrift, til å sjå ungane nå “neste nivå”. Dette skildrar Druckerman som anglofone idéar.
Argumenta hennar, stort sett er anekdotiske, kjenst stundom litt tunne. Ho må jamt gå ved at ho generaliserer, at alle ikkje gjer slik-og-slik, men appellerer likevel om å tru henne når ho fortel at ho skildrar skilnader i forventningar og mentalitet.
… but the ideals in each place are very different [2312]Eg saknar kanskje større medvit om korleis ein gjer ting utanfor denne dikotomien ho skildrar, meir drøfting av objektive vilkår (fødselspermisjonar, til dømes). Men då hadde boka truleg vorte mindre anekdotisk og mindre populær, og eg hadde aldri høyrt om henne.
Vel, uansett. Har ein små ungar sjølv, er det utruleg kjærkome (og truleg anglofont) å lesa reportasjejournalistikk frå denne vinkelen. Og, sidan dette handlar om Frankrike og USA, vert det heller ikkje like påtrengjande som Jesper Juul eller Gro Nylander.
2011-04-01
Himmelen
2011-03-17
Tigermamma update
Eg kjenner at saka gjer meg stum. Eg kjem ikkje på noko lurt å seia. Men det slo meg her om dagen at ungane lærer seg ting mykje tidlegare enn eg gjorde. Same kor mykje stygt ein seier om SV-skulen i Noreg. Kanskje ungar alltid gjer det.
2011-03-01
Slik kan det òg gjerast
Det kjekkaste Omar og Dagny veit, er å leika tiger og løve. Men det er vel ikkje heilt slik Amy Chua ser det føre seg.
2011-02-15
TV-stjerna

Det er viktig å markera seg alt i ung alder. Hausten 2008 introduserte vi Dagny for filmbransjen. Resultatet kunne vi sjå i Koselig med peis, episode 2 (frå 19:40-19:56 i klyppet). No får vi byrja å sjå oss om etter ei rolle for yngstemann òg.
2009-10-05
Feltarbeid
2009-09-18
Foreldrenerderi
Pratmakeriet har ein slags verksemdskultur med å ikkje barnesikra så mykje. Så langt har me greidd oss med å ropa ut "Nei, oi, den kniven er veldig stor og farleg", "Ikkje trekk i den leidninga, er du snill, du kan få brødristaren i hovudet" og "Du, det toastjarnet er veldig varmt".
Ikkje har me babycall heller.
Dette er ikkje ei prinsipiell tilnærming, men pragmatisk (pragmatisk er det nye honnørordet mitt, har eg funne ut). Ingen vil at ungane skal skada seg alvorleg, og ingen kan barnesikra 100% (eller heimesikra barn 100%). Ein må rett og slett sjå heimen og ungane an, som foreldregenerasjonen ville sagt.
Kjapt ser det ut som om Free-Range Kids argumenterer for at ein ikkje skal leggja innslagspunktet på det verst moglege scenariet ein kan tenkja seg.
2009-06-04
Norske verdiar
Men i dag kom mora og eldstedottera frå dei utruleg trivelege sikh-naboane våre bort og spurde om me hadde eit par støvlar mora kunne låna, for klassen til dottera skulle sova ute i skogen, og då skulle nokre foreldre vera med. Og eg (lettrørt høggravid) vart utruleg glad!
Og kva kan me læra av dette? Til dømes:
1. at eg ureflektert og intuitivt er tilslutta den norske verdien at det er moralsk høgverdig å vera ute når det regnar
2. at eg dessutan er tilslutta den norske verdien at det er bra å kjenna naboane sine (den er kanskje ikkje spesielt norsk)
3. at naboane mine verkeleg gjer ein innsats for å delta i dei norske verdiane. Diverre skal dei flytta snart -- eit anna teikn på internalisering av dei norske verdiane her på staden er at ein drøymer om å flytta i større hus utanfor bygrensa
(dessutan, berre så det er sagt: Etter kvart fann eg ut at dei er ute i barnehagen også når det regnar)
2009-05-04
1. mai
Ekspedisjon

Dagny var mest interessert i å sjå på maur, men ho kravde likevel å få bera kartet. "Kan eg få sjå litt på kartet?" - "Nei!" - "Men me må jo vita kvar me skal gå!" - "Vi kan gå litt hel, litt hel og litt hel", peikte ho, men ei alvorleg mine som ikkje lot seg affisera av at det var halvannan kilometer mellom kvart av punkta ho peikte ut.
Me skal nok greia å bruka heile sumaren på dei tretti postane.
2009-05-02
Namnetevlinga 2009
Vert det ein gut, må han heita Omar. Det seier seg vel sjølv: eit namn som sameinar det beste frå aust og vest (nærare bestemt Midtausten, Indre Sogn og Baltimore).
Vert det ei jente, er me faktisk opprådde. Sidan Dagny fekk namnet sitt etter ei svært vellukka namnetevling der Lars Asgeir Rottem Krangnes gjekk av med sigeren, prøver me det same som sist. Kva skal barnet heita? Har du eit framlegg?
Me er svært takksame for namn, og det kjem nok barnet til å vera etter kvart òg (grådig flaut å byrja på skulen utan namn).
Førebels ser lista vår slik ut:
Marta
Matja (Gudrun seier nei)
Maika (jenta frå verdsromet)
Aslaug (nei; det er eit innlandsnamn)
Signe
Inga
Astrid, Ragnhild osb er fine namn, men dei kjennest litt opptekne ut
Yolanda
Tamara
Dyveke
Torborg
Me vert glade om du har noko betre å koma med!
2009-04-17
Komplimang
Super-Dagny!
(Eg trur at det er heilt egoistiske grunnar til at ein lagar ungar: for å få mengder av ukritisk kjærleik, beundring og komplimangar)
2009-02-10
Om hijab i politiet
- Me veit at Knut Storberget ikkje er mot debatt.
- Me veit at Arne Johannessen stilte utan bart, men med skjegg. Me tykkjer at dei kunne valt å standardisera på bart for alle polititenestefolk (damer òg).
- Me veit at det ikkje er nokon menneskerett å verta politi, korkje for kriminelle eller muslimske damer.
- Me veit at den norske statsmakta per definisjon er nøytral.
- Me veit at hijab-en neppe kjem til syne når politifolka tek på seg full anti-demonstrantrustning (men det visste me jo frå før).
- Me veit at Arne Johannesen også er fagforeiningsleiar.
Kva skal me gjera? Kva skal me seia? Uttrykkja oss klårare, seier læraren: I morgon vert det gruppearbeid om lesarbrev til Klasseavisa.

