2009-05-04
1. mai
Kvart år, i slutten av april, tenkjer eg at eg skal laga handplakatar med "Eg vil høyra meir nynorsk på barnefjernsyn". Så gløymer eg det, og då står demonstrantane att med slikt som dette.
Ekspedisjon
I fall nokon skulle tru så vondt om oss at dei mistenkjer oss for å ha juksa med klyppekorta: Her er provet på at vi fann post 13 på Mini-o-dilten 2009. Det er lettvarianten av den kjende Lillodilten, med postar på nær sagt kvart eit hushjørne.

Dagny var mest interessert i å sjå på maur, men ho kravde likevel å få bera kartet. "Kan eg få sjå litt på kartet?" - "Nei!" - "Men me må jo vita kvar me skal gå!" - "Vi kan gå litt hel, litt hel og litt hel", peikte ho, men ei alvorleg mine som ikkje lot seg affisera av at det var halvannan kilometer mellom kvart av punkta ho peikte ut.
Me skal nok greia å bruka heile sumaren på dei tretti postane.

2009-05-02
Namnetevlinga 2009
Pratmakeriet går mot straumen, og satsar som kjent på å utvida staben i desse krisetidene. 5. juni skjer det, men før dess må me avklara minst eitt viktig spørsmål: namn.
Vert det ein gut, må han heita Omar. Det seier seg vel sjølv: eit namn som sameinar det beste frå aust og vest (nærare bestemt Midtausten, Indre Sogn og Baltimore).
Vert det ei jente, er me faktisk opprådde. Sidan Dagny fekk namnet sitt etter ei svært vellukka namnetevling der Lars Asgeir Rottem Krangnes gjekk av med sigeren, prøver me det same som sist. Kva skal barnet heita? Har du eit framlegg?
Me er svært takksame for namn, og det kjem nok barnet til å vera etter kvart òg (grådig flaut å byrja på skulen utan namn).
Førebels ser lista vår slik ut:
Marta
Matja (Gudrun seier nei)
Maika (jenta frå verdsromet)
Aslaug (nei; det er eit innlandsnamn)
Signe
Inga
Astrid, Ragnhild osb er fine namn, men dei kjennest litt opptekne ut
Yolanda
Tamara
Dyveke
Torborg
Me vert glade om du har noko betre å koma med!

2009-04-17
Komplimang
I dag tidleg sa altso barnet mitt til meg, då eg tok på den tynne, blå kåpa i staden for verdas største vinterjakke: "Har du på den jakken, mamma? Da blir det vår!"
Super-Dagny!
(Eg trur at det er heilt egoistiske grunnar til at ein lagar ungar: for å få mengder av ukritisk kjærleik, beundring og komplimangar)

2009-02-10
Om hijab i politiet
Me har no sett halve Viggo Johansen-programmet om hijab, og gjer leksa vår og skriv seks me veit at-setningar:
Kva skal me gjera? Kva skal me seia? Uttrykkja oss klårare, seier læraren: I morgon vert det gruppearbeid om lesarbrev til Klasseavisa.
- Me veit at Knut Storberget ikkje er mot debatt.
- Me veit at Arne Johannessen stilte utan bart, men med skjegg. Me tykkjer at dei kunne valt å standardisera på bart for alle polititenestefolk (damer òg).
- Me veit at det ikkje er nokon menneskerett å verta politi, korkje for kriminelle eller muslimske damer.
- Me veit at den norske statsmakta per definisjon er nøytral.
- Me veit at hijab-en neppe kjem til syne når politifolka tek på seg full anti-demonstrantrustning (men det visste me jo frå før).
- Me veit at Arne Johannesen også er fagforeiningsleiar.
Kva skal me gjera? Kva skal me seia? Uttrykkja oss klårare, seier læraren: I morgon vert det gruppearbeid om lesarbrev til Klasseavisa.
2009-01-20
Action!
Rapport frå akademia:
Kva i alle dagar er det eg vil, tenkte eg ein stad i teorikapitlet i Den store Avhandlinga som eg held på å skriva, slik som ein ofte tenkjer når ein skriv lange tekstar. Men so kom det ein strofe flygande: "action action, eg ser etter action"
og eg kom på at det er jo det eg held på med når eg freistar å forstå desse tekstane som desse ungdomsskuleelevane har skrive på internettet: eg ser etter action, og det er det som styrer teorien eg leitar etter og lagar.
action forstått 1. som handling (altså direkte omsett og ganske udramatisk), og det inneber heile den breie pragmatiske språkvitskaplege traidsjonen: pragmatikk, retorikk, språkhandlingsteoriar, funksjonell lingvistikk osb.
men 2. forstått som, nettopp action: Kva er det som står på spel? Kvar ligg konflikten? Kvar er det det skjer? (osb) (og sjølvsagt: kva er vilkåra for det som skjer?)
Oppsummert: Dette fører jo til ei monaleg innsnevring og fokusering av den breie pragmatiske tradisjonen, samstundes som det gjev meg eit strukturerande prinsipp for teorikapitlet.
Konklusjon: Jokke har redda teorikapitlet mitt, og er dessutan best. Og Action er ein av dei beste songane.

2008-12-07
Adventsljos
På Pratmakeriet har me utvikla eit slags kompromiss mellom gudløyse og tradisjonar. Me har lilla ljos og tenner dei på sundagane, men me har berre tre og dei står ikkje i ein adventsstake, men i tre små glasstakar. Årsaka til det siste er estetisk. Årsaka til det fyrste er vel at me berre fann tre slike glasstakar og tre ljos. Sidan me reiser vestover siste sundagen i advent, er det heller ikkje noko problem.
Tenn lys vert heller ikkje veldig gudeleg før i siste verset, så ein hendig biverknad er at me ikkje treng å ta stilling til korleis me skulle sensurert eller sekularisert siste verset.
2008-12-05
Barnerøkt anno 1922
Emily Post, Etiquette (1922)
No young human being, any more than a young dog, has the least claim to attractiveness unless it is trained to manners and obedience.
[...] in nine cases out of ten, the old-fashioned method that assigned children to inconspicuous places in the background and decreed they might be seen but not heard, produced men and women of far greater charm than the modern method of encouraging public self-expression from infancy upward.
2008-11-03
2008-10-04
Å ta makta over tida
Den siste veka har Dagny lært seg dei hendige orda 'fyrst' og 'etterpå', og litt om makta dei gjev. Når Dagny vil at me skal lesa vrimlebok, og mamma seier ja, men me må eta middag fyrst, så demonstrerer det makta for henne. Synd at det ikkje alltid verkar for Dagny når me skal i barnehagen og Dagny seier Disse føst.
Sjølv om Dagny på grunn av tilhøve utanfor henne sjølv ikkje kan bruka makta som høyrer med orda over oss andre (mamma og pappa), kan ho bruka henne til å skapa orden i tilveret for seg sjølv, til å bryta ned tida i bitar som det er råd å hanskast intellektuelt med.
Å leggja seg er mykje greiare når me kan verta samde om at fyrst skal me lesa vrimlebok, og etterpå skal me gå på badet. Eller at fyrst skal me eta graut, så skal me pussa tenner, og etterpå skal Dagny sova. Eller når Dagny kjem med skorne medan mamma og pappa framleis et sundagsfrukost, og det er mogleg å seia at me skal gå ut etterpå, men fyrst skal mamma og pappa eta litt meir. Ut eppepå, seier Dagny då og nikkar alvorleg, og så vart det ikkje like grenselaust trist som det elles ville vore.

2008-08-06
Sumaren mot slutten
Sumaren går mot slutten, og det er sikkert på tide å oppsummera pros og cons. Blant dei meir vellukka tinga me gjorde, var å flytte badebalja ut på altanen då sumarheten var som verst. Det var mindre vellukka å finna ut at avlaupet på altanen ikkje var designa for å ta unna 40 liter vatn etterpå. "Er det vasslekkasje hjå dykk no igjen?" ropte fru Hansen lett fortvila, i det overskotsvatnet fossa ned over tujaen hennar.
2008-07-06
Hellström 2000, Høgatun 7c sumaren 2008
Kom, kom atombomb
Om vi nån gong, nånsin blir som dom
Eg sit på gamlerommet mitt i Høgatun 7c (som no er vorte kontor) og skriv innleiing til sumarleiren i Norsk Målungdom 2008, og ser ut vindauget på arnavågen og fjellet over på hi sida som eg sat i vindauga og såg på kvar dag då eg budde her. Skilnaden er at no er det sol og då ser ting litt pussige ut her.
Då Håkan Hellström gav ut songen Atombomb var det 2000, og eg hadde flytt til Oslo for å byrja i sentralstyret i Norsk Målungdom og budde alt saman med Tarjei (rett nok i kollektiv). Då tenkte eg at songen handla om meg då eg var femten, no innser eg at for kvart steg lenger inn i kjernefamiliehelvetet/-draumen eg tek, har Hellström ei line som høver.
Slik går songen vidare:
Känns som om alla är äldre nu
Och ser efter varann
Dom har gått för att leva sine liv
Och gud vet att jag måste leva MITT
Jag står i vasaparken
ser pojkar och flickor gå genom kärlekslunden
Jag skulle byta plats med vem som helst
På sekunden
Om jag kunde
Alla är äldre nu
Och ser efter varann
Dom har molnen i famnen
Men du skriver ord som MORD i handen
Kom, kom armageddon
Om vi nån gong, nånsin blir som dom
Konklusjon: all musikk etter 2000 er overflødig.

2008-06-17
Pip-pip?
Det var vel ikkje til å unngå, men det må har vore i barnehagen ho lærte det: No spring iallfall Dagny etter alle småfuglar og ropar "pipp-pipp" (eg minnest enno veslebror min, som erklærte at "det heiter ikkje vov-vov, det heiter hund" då nokon prøvde seg på slikt tull til han).
Uansett, på fjernsynet dukka det brått opp ei ørn, og barnet ropar ut: "Pip-pip!"
Kva anna kan me gjera enn å seia "Ja, det er ein fugl"?
(litt etterpå dukka det opp ein bøffel, og ho ropa "(h)est!", men det var jo ikkje like pussig, for me vart ikkje heilt samde med oss sjølve om bøffel er hest, kyr eller sau. Det er vel ei kyr, men sidan moskus er sau, er det ikkje så lett. Alt stort med fire bein som ikkje er "(h)und" er visst (h)est for tida).

På trynet
Utan samanheng med På trehjul, altså. Men slik er det altså å gå skikkeleg på trynet for fyrste gongen. Kul i panna, på kinnet og hoven overleppe.
2008-06-04
Forskingsspørsmål
Me fann ein nytt forskingsspørsmål her om dagen: Kan det vera slik at me (eller, born, då) har lettare for å læra oss nye ord dersom dei lydleg liknar på ord me kjenner frå før? Motivasjon: Takk vere dette bokmålske språkbadet som barnehagen er, går forsøksobjektet rundt og seier bo'tte [borte] når det noko som ikkje er der ho trur det skal vera. Så, her ein dag, dukka bo'ksh [bukse] opp.
Me tykte det var litt pussig, for andre ord burde definitivt koma før.

På trehjul
2008-03-06
Observasjon frå forskingsfronten
Dette med språklæring er faktisk ganske artig, og eg skjønar godt at Halliday forska på ungen sin.
Sjølv tykkjer eg at språkfragmenta som kjem når Dagny "bablar" er ganske avslørande. Her ein morgon, medan me leitte etter huva og støvlane og slik, høyrde me: "Hva er'e?", med Oslo-r og greier. Eg lurer på om det kan vera eit lurt målkrav at fødselspermisjonen må vara til ungane har byrja å snakka. Openbert at barnehagar er korrumperande.
Det positive er at ho held seg for augo og spør "Henne?" (altså, frå "Hen e' Dagny?")

2008-03-04
Pestilens
Med fare for å verta overlag nærgåande: Augnekatarr er sikkert ikkje særleg farleg, men det ikkje særleg delikat heller. Dessutan er det ganske ubehageleg at auget vert fullt av puss og tårer heile tida.
Det er slikt ein lærer når barnet byrjar i barnehagen, for augnekatarr er ekstremt smittsamt, som Kvinneguiden skriv. Då går det gjerne ut over dei vaksne òg.

2008-02-29
Hei, Knut
(Me fann ikkje noko bilete av dagny og knut, men her mistenkjer me at han opptrer som fotograf. Og det er jo ein måte å vera til stades i biletet på, har me lært på litvit)
2008-01-22
Nytt frå forskingsfronten
"Grensene for mitt språk er de samme som grensene for min verden", heiter det so fint (og ofte sitert) hjå Wittgenstein. Men er det sant?
No er eg so heldig at eg har eit sprell levande forskingsobjekt heime, som av og til set i gang eksperiment på eige initiativ.
Altso, Dagny, eitt år, har ikkje noko særleg språk som me har merka noko til i alle fall. Men her ein dag , då me sat og åt og Dagny byrja keia seg, so la ho brødskalken inntil øyra og leikte at ho snakka i telefonen. (Sidan har ho halde fram med å snakka i telefonen med alt mogleg: dorull, klossar, fjernkontroll. Og med ei alvorleg mine og vekslande stadfestande og spørjande setningsmelodi gjennom samtalen)
Kva kan me læra av det? Mellom anna at sjølv om Dagny ikkje kan snakka noko særleg og ikkje skjønar so mange ord (trur eg), so kan ho tenkja metaforisk - ho kan tenkja no "er" brødskalken ein telefon. Ho kan tenkja i konsept og kategoriar: ho veit kva det å snakka i telefonen er, og ho veit kva det å leika at ho snakkar i telefonen er og at dei to tinga ikkje er dei same. Ho kan flytta brødskalken frå ramma/konseptet eting inn i ramma leikesnakka i telefonen.
Altso - det vesle barnet tenkjer på ein måte som me oppfattar som "språkleg" (nyttar metaforar, kategoriar, konsept) sjølv om ho har svært lite språk (ho kan seia hei og mamma og oi og på gode dagar nan når ho vil ha ein banan, og det verkar som ho forstår situasjonar meir enn ord).
No er ikkje dette nytt for folk som driv med barnespråkforsking, trur eg (i allefall samsvarar det med Halliday og Kress sine skildringar av barnespråk), men det står i motstrid til ei utbreidd oppfatting av at me kan ikkje tenkja utan språk og me kan ikkje tenkja ting me ikkje har ord/språk for og liknande. Men som Dagny tydeleg synte: det kan me jo.

Abonner på:
Innlegg (Atom)