2008-06-17

Pip-pip?

Det var vel ikkje til å unngå, men det må har vore i barnehagen ho lærte det: No spring iallfall Dagny etter alle småfuglar og ropar "pipp-pipp" (eg minnest enno veslebror min, som erklærte at "det heiter ikkje vov-vov, det heiter hund" då nokon prøvde seg på slikt tull til han).

Uansett, på fjernsynet dukka det brått opp ei ørn, og barnet ropar ut: "Pip-pip!"

Kva anna kan me gjera enn å seia "Ja, det er ein fugl"?

(litt etterpå dukka det opp ein bøffel, og ho ropa "(h)est!", men det var jo ikkje like pussig, for me vart ikkje heilt samde med oss sjølve om bøffel er hest, kyr eller sau. Det er vel ei kyr, men sidan moskus er sau, er det ikkje så lett. Alt stort med fire bein som ikkje er "(h)und" er visst (h)est for tida).

På trynet

Utan samanheng med På trehjul, altså. Men slik er det altså å gå skikkeleg på trynet for fyrste gongen. Kul i panna, på kinnet og hoven overleppe.

2008-06-04

Forskingsspørsmål

Me fann ein nytt forskingsspørsmål her om dagen: Kan det vera slik at me (eller, born, då) har lettare for å læra oss nye ord dersom dei lydleg liknar på ord me kjenner frå før? Motivasjon: Takk vere dette bokmålske språkbadet som barnehagen er, går forsøksobjektet rundt og seier bo'tte [borte] når det noko som ikkje er der ho trur det skal vera. Så, her ein dag, dukka bo'ksh [bukse] opp.

Me tykte det var litt pussig, for andre ord burde definitivt koma før.

På trehjul



Juuhl på tre hjul. Det er litt vanskeleg når beina er for korte til å nå pedalane, men det er veldig interessant å køyra sykkel. Nesten like kjekt som leikeplassen.

2008-03-06

Observasjon frå forskingsfronten

Dette med språklæring er faktisk ganske artig, og eg skjønar godt at Halliday forska på ungen sin.

Sjølv tykkjer eg at språkfragmenta som kjem når Dagny "bablar" er ganske avslørande. Her ein morgon, medan me leitte etter huva og støvlane og slik, høyrde me: "Hva er'e?", med Oslo-r og greier. Eg lurer på om det kan vera eit lurt målkrav at fødselspermisjonen må vara til ungane har byrja å snakka. Openbert at barnehagar er korrumperande.

Det positive er at ho held seg for augo og spør "Henne?" (altså, frå "Hen e' Dagny?")

2008-03-04

Pestilens

Med fare for å verta overlag nærgåande: Augnekatarr er sikkert ikkje særleg farleg, men det ikkje særleg delikat heller. Dessutan er det ganske ubehageleg at auget vert fullt av puss og tårer heile tida.

Det er slikt ein lærer når barnet byrjar i barnehagen, for augnekatarr er ekstremt smittsamt, som Kvinneguiden skriv. Då går det gjerne ut over dei vaksne òg.

2008-02-29

Hei, Knut

Kunngjering: Skrivarloftet Pratmakeri vil uttrykkja takksemd og vørdnad for barnevakt Knut som i går klarte å blidgjera ein hylande unge som ikkje ville at mamma og pappa skulle gå på disputasmiddag. Knut - du har rutine!

(Me fann ikkje noko bilete av dagny og knut, men her mistenkjer me at han opptrer som fotograf. Og det er jo ein måte å vera til stades i biletet på, har me lært på litvit)

2008-01-22

Nytt frå forskingsfronten

"Grensene for mitt språk er de samme som grensene for min verden", heiter det so fint (og ofte sitert) hjå Wittgenstein. Men er det sant?

No er eg so heldig at eg har eit sprell levande forskingsobjekt heime, som av og til set i gang eksperiment på eige initiativ.

Altso, Dagny, eitt år, har ikkje noko særleg språk som me har merka noko til i alle fall. Men her ein dag , då me sat og åt og Dagny byrja keia seg, so la ho brødskalken inntil øyra og leikte at ho snakka i telefonen. (Sidan har ho halde fram med å snakka i telefonen med alt mogleg: dorull, klossar, fjernkontroll. Og med ei alvorleg mine og vekslande stadfestande og spørjande setningsmelodi gjennom samtalen)

Kva kan me læra av det? Mellom anna at sjølv om Dagny ikkje kan snakka noko særleg og ikkje skjønar so mange ord (trur eg), so kan ho tenkja metaforisk - ho kan tenkja no "er" brødskalken ein telefon. Ho kan tenkja i konsept og kategoriar: ho veit kva det å snakka i telefonen er, og ho veit kva det å leika at ho snakkar i telefonen er og at dei to tinga ikkje er dei same. Ho kan flytta brødskalken frå ramma/konseptet eting inn i ramma leikesnakka i telefonen.

Altso - det vesle barnet tenkjer på ein måte som me oppfattar som "språkleg" (nyttar metaforar, kategoriar, konsept) sjølv om ho har svært lite språk (ho kan seia hei og mamma og oi og på gode dagar nan når ho vil ha ein banan, og det verkar som ho forstår situasjonar meir enn ord).

No er ikkje dette nytt for folk som driv med barnespråkforsking, trur eg (i allefall samsvarar det med Halliday og Kress sine skildringar av barnespråk), men det står i motstrid til ei utbreidd oppfatting av at me kan ikkje tenkja utan språk og me kan ikkje tenkja ting me ikkje har ord/språk for og liknande. Men som Dagny tydeleg synte: det kan me jo.

2007-08-27

ikea

So kom ikeakatalogen i år og, og jamenn såg ikkje framsida nett ut som stova vår, berre at ikea hadde blå sofa og raud bokhylle, og me raud sofa og blå bokhylle.

So kjem spørsmålet: Kva tyder det? Tyder det at det ser bra ut heime hjå oss eller det motsette? Burde me ha satsa på noko anna enn sumarhusstilen sidan det tydelegvis er mainstream?

eller oppsummert: Er det bra eller dårleg? (som bror min sa då han ringde meg den ellevte eller tolvte september for nokre år sidan)

2007-07-17

Design

Ikkje kan ho krypa [noko særleg] og ikkje kan ho gå, men å sitja på rompa er tydelegvis stor stas (ho har vel nokon å slekta på der). Då ho brått nekta å ein gong leggja seg ned i vogna når det var tid for ein tur, tenkte me det var på tide å introdusera det andre barnemøbelet (etter grindsenga): Tripp-trappstolen.



Stolen vart visst introdusert i 1972, og er, som de kan sjå, eit kunstverk. Avstanden mellom sitjeplata og fotstøtta kan justerast, og fotstøtta kan til og med brukast som sitjeplate når ungane vert store nok. Fleire i foreldregenerasjonen kan fortelja at dei brukte stolen sin heilt til dei flytte heimanfrå.

Utgåva me fekk tak i, mangla diverre ein viktig komponent: bøylen som sikrar at ungen ikkje ramlar av stolen (for det er langt ned). Og, her kjem poenget i denne historia: Det gjekk faktisk heilt fint å kjøpa ny bøyle! Det er det beste provet på at stolen ikkje berre var eit blaff, men ein institusjon.

Kor som er, Dagny tykkjer iallfall det er stor stas å sitja ved bordet saman med oss. Tutekoppen har ho ikkje heilt fått teken på enno.

2007-06-05

gissetevling

Om dagen er me veldig fokuserte på bæsj (dagny har alltid litt treg mage, bortsett frå i førre veke då ho bæsja fleire gonger for dagen og ofte grøn, so me går ofte og ventar på at bæsjen skal koma). Difor handlar fleire og fleire av songane me syng om bæsj. Tevlinga er ganske enkel: Kva kjende dikt og songar er det som her plutseleg har byrja å handla om bæsj?

1
det er den bæsjen me ber på

2
bæsj ligger og venter på deg
bak neste dør
bæsj er varm og våt
bæsj gjør deg gal og ør

3
og der kom bæsjen
og der kom bæsjen
og der kom bæsj, der kom bæsj, der kom bæsj bæsj bæsj
ja, der kom bæsjen, ja der kom bæsjen
og for en lidelse det er



Premien er ein suss på nasen frå Dagny (bæsjebleiene tek tarjei)

2007-06-04

Det skarpe ljoset

For oss vaksne er det veldig kjekt at det er vorte sumar og sol, men det er ikkje like artig når ein er liten. Det er så vanskeleg å skjøna at solbrillene gjer at ein får mindre sol i augo, og valet mellom solbriller, teppe over vogna og sol i augo artar seg som nett det det er: eit val mellom pest, kolera og tyfus. Ho såg likvel ganske tøff ut, meiner eg.

2007-05-10

Alt sjølv

På barselgruppa tysdag openberra Dagny sider av seg sjølv som ho vonleg lærer seg å dølgja etter kvart. Ungane låg i ring på golvet og leikte med kvar sine leiker, og brått nytta Dagny si overlegne motoriske kontroll og stal leika til sidemannen. Ho ville ha alle leikene sjølv, tydelegvis. Betre vart det ikkje av at ho klypte ein annan unge i armen slik at denne byrja å grina. Me får syta for at me ikkje fostrar opp ein liten tyrann.

Elles liker ho tydelegvis å ta alle leikene. I går låg me på golvet og leikte, ho med vesle Plym og eg med åma. Etter å ha sikra seg Plym, tok ho åma frå meg, mest nøgd når ho greidde å ha kontroll på flest mogleg leiker.

Vel, vel. Det vert nok annleis etter kvart. Elles er graut (eigentleg suppe) ein suksess. Me får sjå korleis det går når ho skal få fruktmos til dessert.

Merknad tre: Dei førti centimetrane eg skreiv om førre gongen, var visst eit arbeidsuhell. Faktisk ser det ut som om ho ikkje tykkjer det er så spanande å krabba framover lenger, men best liker å rotera. For å gjera det heilt klart, har eg laga ein illustrasjon:

2007-04-13

Song og glede

På morgonkvisten i dag, medan eg låg og tenkte på å vakna slik at eg kunne setja fleire innsikter om den norske solidaritetsrørsla for Palestina ned på papiret, låg Dagny ved sidan av meg og song.

Ho er alltid strålande blid om morgonen, men dette var noko nytt. Det var definitivt ikkje grining, for ho smila og lo. Elles er ho litt pjusk etter å ha fått vaksine («vaksine må me ha, da' e'kje snakk om da, da e'kje rett me helso i frå andre ta»), men frå sju til åtte i dag var det altså pur glede over å kunne laga samanhengande lydar.

Det er nesten slik at eg skulle hatt opptaksutstyr.

2007-03-08

Nye triks

Det skjer ikkje så mykje av ålmen interesse på Pratmakeriet for tida, og praten går eigentleg føre seg på primærnivået:
Agyy, agyy - Ja, kva seier du? - Agyy, glubb - Dagny? - Agyyy GLIS
Det er spanande. Elles syner hovudpersonen ein imponerande treningsvilje. Ofte er det slik at ho ikkje vil ha mat, kos, vask eller søvn - ho vil liggja på magen og trena. Kunstane er ikkje heilt perfeksjonerte enno, men ho likar å lyfta opp hovudet og sjå seg rundt. Dessutan har ho krabba førti centimeter. Då kunne me ikkje styra oss, og gav masse ros (sjølv om Jesper Juul seier at det skal ein ikkje gjera).

2007-01-31

Den nye medarbeidaren

Det har vore veldig stille frå oss på pratmakeriet i det siste; særleg med tanke på at me har utvida staben. Det kjem seg av at den nye medarbeidaren, Dagny Juuhl, framleis er under opplæring



Her hoppar me i pastasalaten med tanke på personvern og slikt, men her er to bilete av henne:










Førebels pratar ho ikkje så mykje, men ho seier "Neeei", "Jaaa", "Aj-aj-aj" og "Veel" (det siste tyder "pupp". Dessutan kan ho lyfta hovudet i fleire sekund og vifta med armar og bein. Men ho er veldig søt, og det er ein viktig eigenskap.

2006-12-23

Tarjei ventar ...


Og medan me ventar, viser eg eit lite bilete med Tarjei, Olaila, Rottbert og Ullifant.

2006-11-30

Alt klart

No har hovudet festa seg, so no kan vesle Olaila koma stupande ut kva tid som helst!

Oioioi

2006-11-22

Meir mage



Her er bilete av Gudrun-med-magen på toppen av Ramstadslottet, ei naturperle i vakre Rælingen. Magen er sjølvsagt større no, men det skjønar de vel.

2006-10-31

Funky mama

Det har drøydd ei stund, men her kjem bilete av magen hennar Gudrun. Tusen takk til Ragnhild for fint foto. Om ei vekes tid kjem sikkert det vakre profil-biletet frå Rælingen òg.