2006-09-23

Om namn

Som me har gjort kjent på denne bloggen tidlegare, arbeider me med ein ny medarbeidar til Skrivarloftet Pratmakeri, og det er om lag tre månader att til han eller ho kjem til verda. Eit problem som enno er uløyst, er namnespørsmålet.

Det er mange meiningar om kva omsyn og prinsipp ein skal leggja til grunn.

1. Oppkalling er ein prosedyre som løyser dei fleste problema, men gjev nokre nye. Kven skal ein til dømes kalla opp etter? Me reknar jo ikkje nett med å få åtte ungar, så oppkalling er nøydd til å skapa nokre misnøgde besteforeldre/oldeforeldre/avlidne målheltar.

2. Me vil gjerne unngå Grünerløkka-namn (Emma, Embla, Markus, Tobias). Men kva namn er eigentleg Grünerløkka-namn? Er det dei mest populære namna? Me har fått rapportar om eit hippt, ungt par som ropte «Bjørg!» etter ungen sin.

3. Jentenamn kan ikkje slutta på -e (Line, Else osb), men variantane på -a (Lina, Elsa) er tilletne. «E» er som kjend det mest reduserte vokalen på norsk (sidan me vantar ə, schwa, på norsk), og har fleire gonger forsvunne i målsoga.

4. Det er som kjend Ibsen- og Mozart-år i år, så Nora, Hedda, Helmer, Wolfgang og Cosi er uaktuelt.

5. Alle fortel oss at me kan ikkje kalla ein unge for «Omar», sidan han aldri kjem til å få arbeid. Tøys, meiner me. Har dei ikkje høyrt om Omar Sharif (sjå biletet), Omar Khayyam eller Omar Kitmitto?

6. Me har laga ei liste over namn me vurderer. Kom gjerne med innspel (lista er ikkje i prioritert rekkjefølgje):

Jente: Marta, Linnea, Malena, Maskina, Signy, Guro, Ada, Sigrid

Gut: Omar, Ulf, Oter, Isak, Ivar, Sverre, Johannes, Leif, Larris, Gerry

7. Etternamn er eit spørsmål me ikkje har tort tenkja på enno.

2006-08-02

Glamorøs

No har eg knekt koden.

Eg har nett byrja i ny jobb. Til no, når folk har spurt meg kva eg jobba med, har eg svara om lag så här: "Ja, eg er dagleg leiar i ein organisasjon som heiter Kringkastingsringen... det er ein slags nynorskorganisasjon... som ikkje so mange har høyrt om... men han arbeider no for å få meir nynorsk i nrk... ja, og tv2, då..."

Men i dag, etter råd frå Inger Johanne Sæterbakk, prøvde eg ein ny strategi då eg møtte nokon som spurde kva eg jobba med: "Eg er dagleg leiar i ein nynorsk medieovervakingsorganisasjon" (med sjølvsikker røyst og haldning). Og plutseleg høyrdest eg ut som ein av dei glamorøse, urbane menneska som arbeider i mediebransjen.

Endeleg! Glamour!

Tenk at Krinken skulle endra livet mitt på denne måten, det hadde eg aldri trudd

2006-07-25

push kick

No har me endeleg vore på ultralyd, og sett at ungen er frisk og heil. Det var godt, kanskje endå betre enn å få oppvaskmaskin.

Då me såg, låg han (eller ho) og sparka (push kick, seier tarjei at det heiter) mot morkaka, men han verka ikkje veldig konsentrert om treninga - vifta med armane, sugde på tommelen og snudde og vridde på seg. Han såg i alle fall nøgd og glad ut. Kanskje det eigentleg er trivelegare der inne enn her ute?

2006-07-16

Kvin, kvin, oppvaskmaskin

Eit steg nærare (meir) hygge i heimen: oppvaskmaskina er i boks. Me hadde ein kort rekognosering for nokre veker sidan, og i går for me opp på Storo Storsenter for å investera. Det var mange maskiner i vår prisklasse å velja mellom, men heldigvis hadde Elkjøp hengt opp skilt med lykeldata. Då var det lett å velja, sidan vår modell (Electrolux ESF6549) skåra best både på energiforbruk, vask og tørk. (Seljaren var samd i vurderinga vår). På tysdag kjem maskina, og på onsdag kjem røyrleggjaren.

2006-06-26

Oppvask-streik

Ein dag sa Gudrun: "Tarjei. Me har eit problem: Kva skal me gjera med at eg ikkje vil vaska opp meir?". Tarjei lo. No har me fått skattepengar, og skal kjøpa oppvaskmaskin. Det vanlegaste samtaleemnet over middagen er no alle føremonane det har, til dømes hygienen, sinnsro og ålmen hugnad i heimen.

Kva skjer elles? Elles lagar me barn.

2006-03-30

Ny skatt frå Det Nynorske Arkivet + Gissetevling

Ein må nok seia at målrørsla har vore veike dei siste åra når det gjeld å opplysa born og vaksne om skadeverknadene åt alkoholen. Skrivarloftet Pratmakeri tek difor andsvar og prentar utdrag frå ein klassisk tekst me vonar fleire kan ha nytte og glede av å lesa:

"Russiske aviser kan fortelja at heile 60% av alle mord, ran, tjuveri og andre brotsverk i dette veldige landet skriv seg frå vodkaen - det rusiske kornbrennevinet som i utsjånad liknar på det klåraste kjeldevatn. Kanskje dette mishøvet er ein av grunnane til at Bresjnev ynskjer amerikansk hjelp til å reisa ein stor cocacola-fabrikk? Og kva med Frankrike som har den største prosenten alkoholikarar (vanedrikkarar) i verda? Om lag 10 - 12% av det franske folket høyrer til i denne gruppa, og mellom dei finst det endåtil born!

Vi må vel ikkje gløyma å sopa for vår eiga dør. Heilt frå vikingtida har skandinavane vore kjende for den stygge drikkinga si og dei ufjelge drikkevanane. Dei har sjeldan lært å halda måte, men drikk for å bli fulle. Dårleg drikkekultur har liksom vore den merkelappen vi har fått på oss, endå vi har meir restriksjonar og forbod når det gjeld alkohol enn dei fleste andre. Men anten ein drikk med eller utan kultur, fører alkoholen i alle fall til store skadar. Og det beste er vel å la vera å drikka, ikkje sant?"

Spørsmålet er ikkje kvar alkoholmoralen tok vegen, men kvar og kva tid denne teksten stod.

Premien er arkivvandring i Det Nynorske Arkivet med Lars Asgeir Rottem Krangnes (ikkje spurd).

2006-03-18

Siger til Mållaget

I går vann dei ein viktig siger: Andre runda i historikar-kviss'en på UIO gjekk til Mållaget, og det er ei ære å slå fast at både Pratmakeriet og Mål og Makt var representert i lagoppstellinga. Rett nok måtte dei henta inn spesialkompetanse utanfrå på Aust-Europa, sport og rabulist-spørsmål, men om forsterkinga ikkje er historikar-lærling, er han iallfall målmann! Det er det viktigaste. Premien var eit gåvekort på Akademika, og vil truleg verta brukt på dei samla verka til Lukasjenko.

Bira, bira, bira! Bash! Bash! Bash!

2006-03-12

Medan de ventar på bileta ...

Då me fann dagboka til David Toska med røter på Toska (no kan dei geografikunnige ha tevling om kvar det er), publisert her, forsvann vona vår om å få sjå denne mannen på flygeblada Målungdomen og Mållaget sender ut til tiandeklassingar kvart år med oppmoding om å halda på nynorsken.

Me hadde sett føre oss Toska på framsida, i nynorskgenser, medan han seier "Kameratane mine som skreiv bokmål, er no berre ukjende småkriminelle"

Slik gjekk det ikkje denne gongen.

2006-03-10

Velkomen til Skrivarloftet Pratmakeri

Hjarteleg velkomne til den nyskipa virtuelle kommentarspalta Skrivarloftet Pratmakeri. Me er eit samarbeidsføretak, og ingen konkurrent til Nynorsk Kultursentrum, det nyskipa Nynorsksenteret, Noregs Mållag, Skrivekunstakademiet, Krundalen Kulturtenester eller Nasjonalt Program for Tungrekning.

Oppgåva vår er å spreia glede, opplysing og å syna fram skattar frå det nynorske arkivet. Snart får du sjå Tarjei i Ivar Aasens undertrøye og Gudrun med Ivar Aasens lausbart.

Flyg med, flyg med.

Her er eit bilete av eitt av dei mange ukjende kjæledyra til Ivar Aasen: