2008-06-04
Forskingsspørsmål
Me tykte det var litt pussig, for andre ord burde definitivt koma før.
På trehjul
2008-03-06
Observasjon frå forskingsfronten
Sjølv tykkjer eg at språkfragmenta som kjem når Dagny "bablar" er ganske avslørande. Her ein morgon, medan me leitte etter huva og støvlane og slik, høyrde me: "Hva er'e?", med Oslo-r og greier. Eg lurer på om det kan vera eit lurt målkrav at fødselspermisjonen må vara til ungane har byrja å snakka. Openbert at barnehagar er korrumperande.
Det positive er at ho held seg for augo og spør "Henne?" (altså, frå "Hen e' Dagny?")
2008-03-04
Pestilens
Det er slikt ein lærer når barnet byrjar i barnehagen, for augnekatarr er ekstremt smittsamt, som Kvinneguiden skriv. Då går det gjerne ut over dei vaksne òg.
2008-02-29
Hei, Knut
(Me fann ikkje noko bilete av dagny og knut, men her mistenkjer me at han opptrer som fotograf. Og det er jo ein måte å vera til stades i biletet på, har me lært på litvit)
2008-01-22
Nytt frå forskingsfronten
No er eg so heldig at eg har eit sprell levande forskingsobjekt heime, som av og til set i gang eksperiment på eige initiativ.
Altso, Dagny, eitt år, har ikkje noko særleg språk som me har merka noko til i alle fall. Men her ein dag , då me sat og åt og Dagny byrja keia seg, so la ho brødskalken inntil øyra og leikte at ho snakka i telefonen. (Sidan har ho halde fram med å snakka i telefonen med alt mogleg: dorull, klossar, fjernkontroll. Og med ei alvorleg mine og vekslande stadfestande og spørjande setningsmelodi gjennom samtalen)
Kva kan me læra av det? Mellom anna at sjølv om Dagny ikkje kan snakka noko særleg og ikkje skjønar so mange ord (trur eg), so kan ho tenkja metaforisk - ho kan tenkja no "er" brødskalken ein telefon. Ho kan tenkja i konsept og kategoriar: ho veit kva det å snakka i telefonen er, og ho veit kva det å leika at ho snakkar i telefonen er og at dei to tinga ikkje er dei same. Ho kan flytta brødskalken frå ramma/konseptet eting inn i ramma leikesnakka i telefonen.
Altso - det vesle barnet tenkjer på ein måte som me oppfattar som "språkleg" (nyttar metaforar, kategoriar, konsept) sjølv om ho har svært lite språk (ho kan seia hei og mamma og oi og på gode dagar nan når ho vil ha ein banan, og det verkar som ho forstår situasjonar meir enn ord).
No er ikkje dette nytt for folk som driv med barnespråkforsking, trur eg (i allefall samsvarar det med Halliday og Kress sine skildringar av barnespråk), men det står i motstrid til ei utbreidd oppfatting av at me kan ikkje tenkja utan språk og me kan ikkje tenkja ting me ikkje har ord/språk for og liknande. Men som Dagny tydeleg synte: det kan me jo.
2007-08-27
ikea
So kjem spørsmålet: Kva tyder det? Tyder det at det ser bra ut heime hjå oss eller det motsette? Burde me ha satsa på noko anna enn sumarhusstilen sidan det tydelegvis er mainstream?
eller oppsummert: Er det bra eller dårleg? (som bror min sa då han ringde meg den ellevte eller tolvte september for nokre år sidan)
2007-07-17
Design
Ikkje kan ho krypa [noko særleg] og ikkje kan ho gå, men å sitja på rompa er tydelegvis stor stas (ho har vel nokon å slekta på der). Då ho brått nekta å ein gong leggja seg ned i vogna når det var tid for ein tur, tenkte me det var på tide å introdusera det andre barnemøbelet (etter grindsenga): Tripp-trappstolen.
Stolen vart visst introdusert i 1972, og er, som de kan sjå, eit kunstverk. Avstanden mellom sitjeplata og fotstøtta kan justerast, og fotstøtta kan til og med brukast som sitjeplate når ungane vert store nok. Fleire i foreldregenerasjonen kan fortelja at dei brukte stolen sin heilt til dei flytte heimanfrå.
Utgåva me fekk tak i, mangla diverre ein viktig komponent: bøylen som sikrar at ungen ikkje ramlar av stolen (for det er langt ned). Og, her kjem poenget i denne historia: Det gjekk faktisk heilt fint å kjøpa ny bøyle! Det er det beste provet på at stolen ikkje berre var eit blaff, men ein institusjon.
Kor som er, Dagny tykkjer iallfall det er stor stas å sitja ved bordet saman med oss. Tutekoppen har ho ikkje heilt fått teken på enno.
2007-06-05
gissetevling
1
det er den bæsjen me ber på
2
bæsj ligger og venter på deg
bak neste dør
bæsj er varm og våt
bæsj gjør deg gal og ør
3
og der kom bæsjen
og der kom bæsjen
og der kom bæsj, der kom bæsj, der kom bæsj bæsj bæsj
ja, der kom bæsjen, ja der kom bæsjen
og for en lidelse det er
Premien er ein suss på nasen frå Dagny (bæsjebleiene tek tarjei)
2007-06-04
Det skarpe ljoset
2007-05-10
Alt sjølv
Elles liker ho tydelegvis å ta alle leikene. I går låg me på golvet og leikte, ho med vesle Plym og eg med åma. Etter å ha sikra seg Plym, tok ho åma frå meg, mest nøgd når ho greidde å ha kontroll på flest mogleg leiker.
Vel, vel. Det vert nok annleis etter kvart. Elles er graut (eigentleg suppe) ein suksess. Me får sjå korleis det går når ho skal få fruktmos til dessert.
Merknad tre: Dei førti centimetrane eg skreiv om førre gongen, var visst eit arbeidsuhell. Faktisk ser det ut som om ho ikkje tykkjer det er så spanande å krabba framover lenger, men best liker å rotera. For å gjera det heilt klart, har eg laga ein illustrasjon:
2007-04-13
Song og glede
Ho er alltid strålande blid om morgonen, men dette var noko nytt. Det var definitivt ikkje grining, for ho smila og lo. Elles er ho litt pjusk etter å ha fått vaksine («vaksine må me ha, da' e'kje snakk om da, da e'kje rett me helso i frå andre ta»), men frå sju til åtte i dag var det altså pur glede over å kunne laga samanhengande lydar.
Det er nesten slik at eg skulle hatt opptaksutstyr.
2007-03-08
Nye triks
Agyy, agyy - Ja, kva seier du? - Agyy, glubb - Dagny? - Agyyy GLISDet er spanande. Elles syner hovudpersonen ein imponerande treningsvilje. Ofte er det slik at ho ikkje vil ha mat, kos, vask eller søvn - ho vil liggja på magen og trena. Kunstane er ikkje heilt perfeksjonerte enno, men ho likar å lyfta opp hovudet og sjå seg rundt. Dessutan har ho krabba førti centimeter. Då kunne me ikkje styra oss, og gav masse ros (sjølv om Jesper Juul seier at det skal ein ikkje gjera).
2007-01-31
Den nye medarbeidaren
Det har vore veldig stille frå oss på pratmakeriet i det siste; særleg med tanke på at me har utvida staben. Det kjem seg av at den nye medarbeidaren, Dagny Juuhl, framleis er under opplæring
Her hoppar me i pastasalaten med tanke på personvern og slikt, men her er to bilete av henne:
Førebels pratar ho ikkje så mykje, men ho seier "Neeei", "Jaaa", "Aj-aj-aj" og "Veel" (det siste tyder "pupp". Dessutan kan ho lyfta hovudet i fleire sekund og vifta med armar og bein. Men ho er veldig søt, og det er ein viktig eigenskap.
2006-12-23
2006-11-30
Alt klart
Oioioi
2006-11-22
Meir mage
Her er bilete av Gudrun-med-magen på toppen av Ramstadslottet, ei naturperle i vakre Rælingen. Magen er sjølvsagt større no, men det skjønar de vel.
2006-10-31
Funky mama
2006-10-25
Pratmakeriet flytter
Til dei som ikkje har høyrt det enno: Me flytter snart ut frå Skrivarloftet. 8. november, altså om to veker, får me ny adresse på Sogn (studentby, me er ikkje sikre på om me er trivelege nok for trivselsfylket). Det er mykje ein kan tenkja om slikt.Det er alltid spanande å flytta på seg og læra seg at noko nytt er «heime». Me flytte inn her våren 2003, ut i august 2005 og inn att i januar 2006. Til saman vert det over tre år her på loftet mellom Grønland og Gamlebyen, så det er den staden i Oslo me har budd lengst. Det er nok den einaste bydelen i Oslo eg verkeleg er glad i. Samtidig føler me at det er eit rasjonelt val: På Sogn er det betre luft, meir grønt, nærare Marka og mindre trafikk- og byggjestøy (dei har drive og bygt i området her nesten heilt sidan me flytte inn).
Ei anna artig sak (som mor mi kommenterte) er at til trass for at me snart er 30 og kjernefamilie, eig me stort sett bøker og klede. Så me må altså kjøpa sofa, komfyr og kjøleskåp ganske så snart. Spanande.
Biletet viser korleis det såg ut då me pakka oss ned i fjor sumar. Me skal skaffa eit bilete av den gravide magen til Gudrun så snart me får fatt i eit digitalkamera.
2006-09-23
Om namn
Det er mange meiningar om kva omsyn og prinsipp ein skal leggja til grunn.
1. Oppkalling er ein prosedyre som løyser dei fleste problema, men gjev nokre nye. Kven skal ein til dømes kalla opp etter? Me reknar jo ikkje nett med å få åtte ungar, så oppkalling er nøydd til å skapa nokre misnøgde besteforeldre/oldeforeldre/avlidne målheltar.
2. Me vil gjerne unngå Grünerløkka-namn (Emma, Embla, Markus, Tobias). Men kva namn er eigentleg Grünerløkka-namn? Er det dei mest populære namna? Me har fått rapportar om eit hippt, ungt par som ropte «Bjørg!» etter ungen sin.
3. Jentenamn kan ikkje slutta på -e (Line, Else osb), men variantane på -a (Lina, Elsa) er tilletne. «E» er som kjend det mest reduserte vokalen på norsk (sidan me vantar ə, schwa, på norsk), og har fleire gonger forsvunne i målsoga.
4. Det er som kjend Ibsen- og Mozart-år i år, så Nora, Hedda, Helmer, Wolfgang og Cosi er uaktuelt.
5. Alle fortel oss at me kan ikkje kalla ein unge for «Omar», sidan han aldri kjem til å få arbeid. Tøys, meiner me. Har dei ikkje høyrt om Omar Sharif (sjå biletet), Omar Khayyam eller Omar Kitmitto?
6. Me har laga ei liste over namn me vurderer. Kom gjerne med innspel (lista er ikkje i prioritert rekkjefølgje):
Jente: Marta, Linnea, Malena, Maskina, Signy, Guro, Ada, Sigrid
Gut: Omar, Ulf, Oter, Isak, Ivar, Sverre, Johannes, Leif, Larris, Gerry
7. Etternamn er eit spørsmål me ikkje har tort tenkja på enno.






