Sjølv om Dagny på grunn av tilhøve utanfor henne sjølv ikkje kan bruka makta som høyrer med orda over oss andre (mamma og pappa), kan ho bruka henne til å skapa orden i tilveret for seg sjølv, til å bryta ned tida i bitar som det er råd å hanskast intellektuelt med.
Å leggja seg er mykje greiare når me kan verta samde om at fyrst skal me lesa vrimlebok, og etterpå skal me gå på badet. Eller at fyrst skal me eta graut, så skal me pussa tenner, og etterpå skal Dagny sova. Eller når Dagny kjem med skorne medan mamma og pappa framleis et sundagsfrukost, og det er mogleg å seia at me skal gå ut etterpå, men fyrst skal mamma og pappa eta litt meir. Ut eppepå, seier Dagny då og nikkar alvorleg, og så vart det ikkje like grenselaust trist som det elles ville vore.
