2008-01-22

Nytt frå forskingsfronten

"Grensene for mitt språk er de samme som grensene for min verden", heiter det so fint (og ofte sitert) hjå Wittgenstein. Men er det sant?

No er eg so heldig at eg har eit sprell levande forskingsobjekt heime, som av og til set i gang eksperiment på eige initiativ.

Altso, Dagny, eitt år, har ikkje noko særleg språk som me har merka noko til i alle fall. Men her ein dag , då me sat og åt og Dagny byrja keia seg, so la ho brødskalken inntil øyra og leikte at ho snakka i telefonen. (Sidan har ho halde fram med å snakka i telefonen med alt mogleg: dorull, klossar, fjernkontroll. Og med ei alvorleg mine og vekslande stadfestande og spørjande setningsmelodi gjennom samtalen)

Kva kan me læra av det? Mellom anna at sjølv om Dagny ikkje kan snakka noko særleg og ikkje skjønar so mange ord (trur eg), so kan ho tenkja metaforisk - ho kan tenkja no "er" brødskalken ein telefon. Ho kan tenkja i konsept og kategoriar: ho veit kva det å snakka i telefonen er, og ho veit kva det å leika at ho snakkar i telefonen er og at dei to tinga ikkje er dei same. Ho kan flytta brødskalken frå ramma/konseptet eting inn i ramma leikesnakka i telefonen.

Altso - det vesle barnet tenkjer på ein måte som me oppfattar som "språkleg" (nyttar metaforar, kategoriar, konsept) sjølv om ho har svært lite språk (ho kan seia hei og mamma og oi og på gode dagar nan når ho vil ha ein banan, og det verkar som ho forstår situasjonar meir enn ord).

No er ikkje dette nytt for folk som driv med barnespråkforsking, trur eg (i allefall samsvarar det med Halliday og Kress sine skildringar av barnespråk), men det står i motstrid til ei utbreidd oppfatting av at me kan ikkje tenkja utan språk og me kan ikkje tenkja ting me ikkje har ord/språk for og liknande. Men som Dagny tydeleg synte: det kan me jo.