2006-09-23

Om namn

Som me har gjort kjent på denne bloggen tidlegare, arbeider me med ein ny medarbeidar til Skrivarloftet Pratmakeri, og det er om lag tre månader att til han eller ho kjem til verda. Eit problem som enno er uløyst, er namnespørsmålet.

Det er mange meiningar om kva omsyn og prinsipp ein skal leggja til grunn.

1. Oppkalling er ein prosedyre som løyser dei fleste problema, men gjev nokre nye. Kven skal ein til dømes kalla opp etter? Me reknar jo ikkje nett med å få åtte ungar, så oppkalling er nøydd til å skapa nokre misnøgde besteforeldre/oldeforeldre/avlidne målheltar.

2. Me vil gjerne unngå Grünerløkka-namn (Emma, Embla, Markus, Tobias). Men kva namn er eigentleg Grünerløkka-namn? Er det dei mest populære namna? Me har fått rapportar om eit hippt, ungt par som ropte «Bjørg!» etter ungen sin.

3. Jentenamn kan ikkje slutta på -e (Line, Else osb), men variantane på -a (Lina, Elsa) er tilletne. «E» er som kjend det mest reduserte vokalen på norsk (sidan me vantar ə, schwa, på norsk), og har fleire gonger forsvunne i målsoga.

4. Det er som kjend Ibsen- og Mozart-år i år, så Nora, Hedda, Helmer, Wolfgang og Cosi er uaktuelt.

5. Alle fortel oss at me kan ikkje kalla ein unge for «Omar», sidan han aldri kjem til å få arbeid. Tøys, meiner me. Har dei ikkje høyrt om Omar Sharif (sjå biletet), Omar Khayyam eller Omar Kitmitto?

6. Me har laga ei liste over namn me vurderer. Kom gjerne med innspel (lista er ikkje i prioritert rekkjefølgje):

Jente: Marta, Linnea, Malena, Maskina, Signy, Guro, Ada, Sigrid

Gut: Omar, Ulf, Oter, Isak, Ivar, Sverre, Johannes, Leif, Larris, Gerry

7. Etternamn er eit spørsmål me ikkje har tort tenkja på enno.

26 kommentarer:

Anonym sa...

Ada er eit Grünerløkkanamn. Dessutan ser eg at de ikkje har teke med Makrella, men det reknar eg med er fordi de ikkje vil fortelja andre om det. Mine tips elles er Agnes og for gutså held eg ein knapp på Ivar eller Hjalmar.

Ragnhild sa...

Eg trur de bør unngå å kalla ungen for Oter, i alle fall, sjølv om eg ikkje trur det er eit hipt Grynerløkka-namn. Eg trur at Fritjof er på veg inn i hippe miljø. Det same med Dagny, Bjørg, Berit og elles det som 90-åringane i dag heiter.

Eg trur elles det finst uskrivne reglar innafor ei kvar slekt for korleis ein kallar opp, kven ein kallar opp etter fyrst osb. Så de kan jo sjå om det finst slike uskrivne reglar i slektene dykkar, og dikta opp ei forklaring for kvifor de kallar ungen td Omar, og vri det til slik at alle trur det er oppattkalling. Dette gjorde mamma då bror Sigmund fekk eit namn. Alle menn er nemleg oppattkalla etter bestefar Klaus, så ALLE mannfolka må heita noko med K. Sidan alle K-namna var oppbrukte, vart det Sigmund, men mamma sa det var mogleg å spora ein K i namnet, sånn historisk. Og så fekk han tilnamnet Kyrre, for å vera på den sikre sida.

Eg vil helst ha kalla ei evt dotter for Sigrid, så det likar eg (men eg redd det er på veg til å verta hipt). Sverre er òg eit solid namn. Eg innbiller meg forresten at de får ei dotter, men det kan òg verta ein gut.

austsida sa...

I speidarrørsla lærer vi å ta risikoanalysar før vi legg ut på tur. Det gjeld å krisemaksimere og tenkje seg alt som KAN gå gale. Viss eg skal foreta ein risikoanalyse av desse namna, ser eg at det kan vere fare forbunde med namna Maskina (det blir ikkje kult å lære om den industrielle revolusjon, når den tid kjem), Oter (eg ville ikkje heitte Oter på o-fagsutflukt med Våre sjødyr som tema, Larris (eg trur det er det ordet mor mi brukar på folk som ikkje er noko særleg reine og fine i tøyet, dessutan veit eg at det er eit velbrukt hestenamn)og Gerry (det minner vel mykje om ho i Spice Girls).

Linnea og Ada er nok litt for hipt. I tillegg veit eg av mange ungar som heiter Sverre no til dags. Sigrid er fint, men det tenkte eg at mitt barn skulle heite. Sia det barnet ikkje er påtenkt enno, kan de bruke det så lengje. Elles synst eg Leif er eit bra namn. Og Ivar sjølvsagt.

Eit namn som ikkje står på lista dykkar, og som er mitt heitaste tips, er Inger Johanne. Eg reknar med at det er ein feil som gjer at det ikkje står der. Elles er eg glad for at bror til Ragnhild ikkje fekk namnet Klaus..

Anonym sa...

Det er sant, Makrella hadde falle bort. Hjalmar må nok gå ut på grunn av Ibsen-året.

men elles... kanskje me må laga veldig mange ungar for å få brukt alle dei fine namna

Anonym sa...

Det der med namn er vanskeleg. Eg røyster òg i mot Oter og Maskina, om de skal ha ei nettrøysting ;)

Eg er ikkje så glad i oppattkalling. Synest liksom ungar fortener eit eige namn, så dei ikkje vert mini-ein-eller-annan. Men for nokre er slikt viktig, og då kanskje dei må få lov. Men det er vanskeleg å finne eit namn som tek omsyn til alle som har lyst til å få bornet kalla opp etter seg eller andre slektningar...

Eg har ikkje anna råd å gje enn at de bør finne eit namn som båe liker. Til lags åt alle kan ingen gjera, veit de...

Etternamn er nesten vanskelegare. Eg og Arild har diskutert det fleire gongar, utan å ha nokon ungen på veg. Me vert ikkje samde, så eg vert glad om de finn ei god løysing me kanskje kan stele ein gong :)

Anonym sa...

Oter Kløve Johannesen Vågstøl Juuhl? Nei, då er det betre um de kallar ungen for God Juuhl, eventuelt Glade Juuhl. Serleg dersom han vert fødd på den tidi.

Anonym sa...

Ada og Linnea har definitivt hockeykøllegrafar. Det er ikkje bra. Marta/Martha er OK dersom det ikkje pagar dykk at Marthe/Marte er på veg ned frå ein kjempetopp. Malena er lite brukt, men Malene har nettopp hatt ein liten topp. Sigrid er staut, men er på veg opp, Signy var ikkje uvanleg i mellomkrigstida, men har aldri vore populært (med god grunn, spør du meg). Guro kan ha nådd toppen. Eg tillet meg å minna om mine fire gamle kriterium: passeleg norsk, tostavings tonelag, inneheld "r", ikkje populært for tida. Eit mogleg femte kriterium er: tilnærma lik uttale på alle dialektar. Døme: Gudrun, Guri, Turid.

Gutenamn går eg ikkje inn på, for det blir ikkje aktuelt i alle høve.

Magnus sa...

Frå lista ville eg gått for
J: Guro, Sigrid
G: Ivar, Sverre, Leif

Så keisam er eg.

Omar - då tenkjer eg på den svenske boka med guten som låg i eit tre og hadde ein bestefar som var pirat og heitte Omar. Det gjer ddet jo til eit kult namn. Diverre vil nok den evt. sonen dykkar sjå seg nøydd til å endra namnet før han skal byrja å søkja på jobb eller husvære.

Forresten, Marlene/Malena har vore eit populært namn blant kommunistar.

Anonym sa...

Eg synst de skal kalla ungen Omar eller Larris viss det blir ein gut. Har de lese Samarkand av Amin Malouf? Der er det ein amerikanar som heiter Benjamin Omar eller noko sånt og er kalla opp etter Omar Khayam, og han fekk jobb. Og Larris er eit fantastisk namn!

Av jentenamn likar eg Sigrid best, men ville gjerne hatt fleire norske namn å velja i.

Anonym sa...

Larris, då tenkjer eg berre på han guten i Vangsgutane som ingen liker, og gjer alt gale.
Er det litt slik "ta Larris-namnet attende"?

Anonym sa...

Tja. Jeg syns jo det er litt spenstig å kalle opp ungen sin etter kalifen Omar... Sammen med Ali er det kanskje det arabiske navnet du enklest kan bruke for å plotte noens religiøse bakgrunn. Ingen som spør deg om du er sjia eller sunni om du heter Omar for å si det sånn... Ellers synes jeg det er spenstig å sammenlikne kitmitto med Sharif og Khayyam. Og jeg lurer på om man egentlig kan kalle det han drev med "en jobb"?

Jeg er oppkalt etter sønnen til Olaf og Emma fra tv-serien og er fornøyd med det. Hvis jeg noensinne får unger skal jeg gjøre det til en familietradisjon å hente navn fra tv-serier...

Anonym sa...

Oppattkalling likar eg (i motsetnad til Ingvild), namnet blir absolutt "eige", og får nytt innhald med den nye generasjonen, det blir ikkje ein "mini ein eller annan", er mi røynsle. Men det med kven ein skal kalla opp att er vanskelegare. Etter dei strengaste reglane skal vel fyrstefødde gut kallast opp etter farfar, og fyrstefødde jente etter mormor, trur eg.

Ein kjekkare skikk er å kalla opp etter den/dei i slekta som har eit namn ein likar, evt ein variant. Oppattkalling er jo ofte berre å finna eit namn på same førebokstav/bokstavkombinasjon, og då kan jo det meste bli kalla oppattkalling (slik Ragnhild skriv).

Etternamnet er vanskeleg. Me gjekk fyrst inn for at det ikkje skulle finnast doble namn korkje i føre- eller etternamnet, og den fyrste jenta fekk dermed berre mitt etternamn. Før nummer to kom, har mannen i huset angra seg, og ynskjer no sitt etternamn inn som mellomnamn, dermed får begge ungane det, og me fråvik prinsippet om doble etternamn.

Lukke til med valet!

Mari sa...

I nabobygda heime var det ein familie som berre fekk døtrer. Seks eller sju fekk dei, og sjølv om dei var glade for døtrene som personar so vart dei litt stressa av at dei ikkje var gutar. Dei dreiv nemleg og kalte opp, og dei var i ferd med å bli fri for kvinnenamn. I tillegg var mennene i slekta so smått blitt bekymra for at dei aldri skulle få nokon småtass oppkalla etter seg. So den sjuende dottera fekk namnet Knuthild Olaila.

Og det er jo eit forslag. Olaila?

Purisme sa...

De kjem til å få ei dotter. Det mest problematiske vert då etternamnet. Namn som "Gustava Gudrunsdotter Kløve-Juuhl Vågstøl" eller "Olausine Tarjeisdotter Vågstøl Kløve-Juuhl" kvalifiserer nok til nyhendeopplesing, men vil de eigentleg at ungen skal verte noko slikt? De kan då velje namn i høve staden, t.d. "Grønland" eller "Fusa". Eller de kan ha loddtrekning, evt late annakvar unge ha ulikt etternamn.

Elles, når eg fyrst har ordet, vil eg åtvare mot førenamn som sluttar på trykklett -a, pga. alle firmanamna som sluttar på det. Eit jentenamn som "Edda" kan verte kopla til "Edda Media" (namneskifte frå "Orkla Media") osb.(At alle andre jentenamn for tida òg sluttar på -a, er ei elitistisk innvending a la grynerløkketilvisinga, så den ser vi vekk ifrå.) Men førenamnspørsmålet kan ein kome tilbake til.

Kjetil sa...

Eg likte Glade Juuhl. Men eg er takksam for at eg slepp å heita det.

Eg har lyst til å kalla ein unge for Severin. Men av ein eller annan grunn er det mange som ikkje synest det er fint. Så eg må finna meg ei dama som let meg kalla ein av ungane våre for Severin. Eller overtala mange andre til å bruka det namnet, for eg vil helst ikkje bruka veldig populære namn på ungane mine.

Eva Marie sa...

Kvar vart det av Stalina??? Hæ? Har de gløymt kva målpolitisk tradisjon vi står i??

Eg røyster for Marta Stalina og Omar Kayyam (teltmakar som det tyder). Eller kva med eit godt russisk namn: Vladimir? :)

Elles likar eg Mathis og Margit, men dei får de ikkje, for det skal ungane mine heite. Og Mathisen til etternamn, sjølvsagt.

Eva Marie sa...

Og kva med Slatan? Har de tenkt seriøst over det eigentleg? Det er eit jævla bra namn!

Anonym sa...

Av og til veit ein ikkje heilt kvifor ein gjer som ein gjer, og kanksje ein burde ha late vera. Det er kome veldig mange fine framlegg og god argumentasjon, men det som har fest seg og kome i bruk, er nok Olaila.

Kanskje me då skal vona det er ein gut.

Eller kanskje me berre skal rekna med at når me ser han eller ho, so kjem eitt av dei andre, litt meir yndige namna, og berre klistrar seg til ungen av seg sjølv.

Me får sjå. Enn so lenge er det altso Olaila.

Anonym sa...

Om ikkje diskusjonen er over no: Om Ada og Marta (og liknande) har vorte Grünerløkkanamn, tykkjer eg ikkje de kan late det ekskludere namna. Kjemp heller for å late dei ha ein posisjon utanfor Grünerløkka!

Elles vil eg åtvare mot Larris. Larris er eit bikkjenamn. Morbroren min hadde ein stygg skitten hund som heitte Larris, og eit søk på google stadfesta mistanken.

Anonym sa...

Eg har jo fem vekttal frå NTNU i namn (rett nok stadnamn), så reknar meg for særs kvalifisert i denne samanhengen.

Eg meiner Marta og Signy er dei definitivt beste framlegga, dersom de då ikkje vil vurdera Dagny. Å bli oppattkalla etter den nye dagen då både nynorsken og revolusjonen har sigra må jo vera det ultimate for ei dotter av dykk. Forøvrig bør jo etternamnproblemet løysast enkelt ved at ungen får patronymikon/matronymikon etter ein av dykk, og etternamn etter den hine.

Marta Gudrunsdotter Vågstøl?
Dagny Tarjeisdotter Kløve?

Etternamnspolitisk er kombinasjonane Juuhl Vågstøl, Juuhl Kløve, Johannessen Kløve, Johannessen Juuhl og Johannessen Vågstøl "riktige" etter namneskikken i nyare tid.

Og ja, dette vert jo ein jentunge. Det er jo ingen løyndom.

Forøvrig: Kva med Åsta?

Unknown sa...

Dagny var eit godt framlegg, og kjem med på lista! (det er vel den norske varianten av Aurora?)

Kvifor er alle så sikker på at det vert ei jente, eigentleg? Både eg og Gudrun har berre brør, burde ikkje det genetisk disponera oss for å få ein gut?

meeeh sa...

... Lodin ...

Ragnhild Bjorge sa...

Eg tykkjer det er på høg tid å syna fram eit bilete av den gravide Gudrun!

austsida sa...

har de konkludert? Eller kva med eit samisk namn?

Anonym sa...

Førebels konklusjon: Det ser ut til at det vert Omar eller Dagny, eventuelt Dagny Hilanda (bestemor mi heitte Guldborg Hilanda.

Men enn so lenge er det Olaila som gjeld, og det han/ho svarar på.

Anonym sa...

Kva med Styrk. Eller Falke (det heiter bror min). Eller Loki ;D