2006-08-02

Glamorøs

No har eg knekt koden.

Eg har nett byrja i ny jobb. Til no, når folk har spurt meg kva eg jobba med, har eg svara om lag så här: "Ja, eg er dagleg leiar i ein organisasjon som heiter Kringkastingsringen... det er ein slags nynorskorganisasjon... som ikkje so mange har høyrt om... men han arbeider no for å få meir nynorsk i nrk... ja, og tv2, då..."

Men i dag, etter råd frå Inger Johanne Sæterbakk, prøvde eg ein ny strategi då eg møtte nokon som spurde kva eg jobba med: "Eg er dagleg leiar i ein nynorsk medieovervakingsorganisasjon" (med sjølvsikker røyst og haldning). Og plutseleg høyrdest eg ut som ein av dei glamorøse, urbane menneska som arbeider i mediebransjen.

Endeleg! Glamour!

Tenk at Krinken skulle endra livet mitt på denne måten, det hadde eg aldri trudd

4 kommentarer:

austsida sa...

Godt val, Gudrun! Sjølv om eg liker Krinken, synst eg han høyrest traust ut. No skal eg òg kaste om meg med kule omgrep når eg karakteriserer min samarbeidspartnar, Kringkastingsringen. No høyrest Krinken like viktig ut som FN!

Dadida sa...

Hehe, si nynorsk medieovervakingsORGAN.
Det høres enda mer urbant og fjongt ut!

Purisme sa...

Gratulerer! Du får no i alle fall møte i Nynorsk forum og hjå Bernander. Ei anna sak: Du må seie "Kringkastingsringen" med høg og tydeleg og stolt røyst, for det er ein ærverdig organisasjon. Når du gjer det, er det mottakaren som vil kjenne seg skjemd over å ikkje kjenne til organisasjonen. Poenget: I det heilt teke tykkjer eg det er for lite vektlegging av det ærverdige i uttalen når ein er i Oslo. Ein sit på t-banen, så høyrer ein ei trøytt og utydeleg røyst seie så slapt som råd er "Stortinget", på same m¨åten som vedkomande kunne ha sagt "Tveita" eller "kneippskive". Her burde ein ha hatt ei tydeleg og stolt røyst som sa med triumf i røysta "Stortinget!".

Magnus sa...

Alle t-baneførarar høyrest stolte ut når dei seier "Veitvet".